ARTISTAR
Foto: Julia Marie Nagelstad
Aasmund Nordstoga
Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Han blir også mykje brukt som programleiar/konferansier. Han har blitt nominert til Spelemannspris to gonger, den fyrste for debutplata Ein visefugg, og den andre for albumet 12 dagar i jola. Aasmund hentar repertoaret sitt på heimebane. Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom. Den siste soloplata, Guten, inneheld i sin heilskap tekster av diktaren Aasmund Olavsson Vinje, der ein kan seie at Aasmund, med svært god hjelp av bror Odd, har blåsi nytt liv i nokon av Vinjes beste dikt. Særleg har samarbeidet med Odd, med Åsmund Reistad, Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge bori frukter. I alt fire soloplater har det blitt.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Anne Gravir Klykken
Anne Gravir Klykken er folkesongar fra Solum som har si musikkutdanning fra HiO, UiA og USN – institutt for tradisjonskunst og folkemusikk. Ho har gjeve ut to soloplater, «Jeg har vel ingen kjærere» (2012) og «Husk opp i ring» (2000). I mars 2022 kom duoalbumet «Et ønske» i samarbeid med Jon Solberg. Anne har vore med på ei rekkje ulike prosjekt og innspelingar opp igjennom åra. Hun har i tillegg til Jon Solberg, Frøydis Grorud og Torjus Vierli, blant andre samarbeida med Iver Kleive, Helge Andreas Norbakken, Snorre Bjerck, Aasmund Nordstoga, Audun Kleive, Bugge Wesseltoft, Tre Sopranos, Mattis Kleppen, Sigmund Groven, Knut Buen, Ottar Kaasa, Rita Engedalen, Daniel Eriksen, Per Einar Watle, Kenneth Ekornes, Steinar Raknes og Torgeir Straand.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Barokksolistene
Barokksolistene er eit verdskjent ensemble, som haustar toppkarakter frå store avisar uansett kor dei befinn seg. Med mottoet «It´s just old pop music» skal Bjarte Eike og hans menn framføre Alehouse Session som tek oss gjennom blant anna Purcell, engelske sjøvisar og skandinavisk folkemusikk i eit frodig sceneshow. Herleg folkeleg kvalitetsmusikk med humor og snert!
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Fotokredit: Gorm Valentin
Bjarte Eike
Bjarte Eike har gjort karriere på barokkfiolin ved å spele seg frå pub til pub, frå Gjøvik og ut i verda. Bjarte er kunsterisk leiar for Barokksolistene som han starta i 2005. Eike og Barokksolistane har vore nominert til Spellemannsprisen i klassisk to gongar. Bjarte har også vore medlem av Magnetic North Orchestra og Oslo kammerorkester. Barokksolistane kan du oppleva på to konsertar under årets Musikkfest med Purcell i Lillehammer og Ale House Sessions på Rudi Gard.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Nino Felbab
Cam Kjøll
Cam Kjøll er ein internasjonalt ettertrakta kammermusikar, solist og orkesterleiar.
Cam er født og oppvaksen i Oslo og starta med fiolinundervisning då dei var seks år. Frå Cam var tolv år fekk dei plass og vidare undervisning ved Barratt Due musikkinstitutt. Etter studiar i Sveits, USA, Noreg og London, fekk Cam jobb som 1.konsertmeister i Den Norske Opera & Ballett og har seinare arbeidd i same stilling i Luzern Symfoniorkester, WDR Sinfoniorchester og Houston Symphony.
Cam har dei siste åra delteke på ei rekke internasjonale festivalar og vore solist med - og leiar av - dei største kammer- og symfoniorkestra i Noreg.
Cam har spela mange solokonsertar med pianisten Christian Ihle Hadland, og saman har dei nyleg starta ein pianotrio med cellisten Louisa Tuck. I tillegg til å spele mykje kammermusikk, er Cam lidenskapeleg oppteke av pedagogikk og har hatt fleire undervisningsstillingar. Cam er også kunstnerisk leiar for festivalen Fjord Classics saman med Lars Anders Tomter.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Camilla Granlien
Camilla Granlien er kvedar og folkesongar, særleg kjent som formidlar av tradisjonsstoff frå Gudbrandsdalen. Utdanninga si har ho frå Kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og ein master i folkekunst frå Høgskulen i Telemark avdeling Rauland.
Ho har vunne klasse A vokal folkemusikk på Landskappleiken tre gonger, i 2006, 2007 og 2008. Ho vann kongepokal frå Landskappleiken i 2008. Granlien debuterte som soloartist med albumet Begjær i 2005. Ho har òg utmerka seg som ein brubyggjar mellom tradisjonsmusikk og andre sjangrar, som medlem av gruppa Skrekk (2001-2007) og metalbandet To Cast a Shadow. I tillegg har ho sitt eige Camilla Granlien Band. Med dette bandet gav ho i 2008 ut albumet Jarnnetter, med tekstar av Tor Jonsson og Olav Aukrust, dels med tradisjonelle melodiar, dels tonesett av Granlien.
I 2010 gav Granlien ut albumet Aftenstemning saman med saksofonisten Kristin Sevaldsen, med tekstar av Bjørnstjerne Bjørnson tonesett av Granlien og Sevaldsen. I 2013 deltok Granlien på albumet Songs by Geirr Tveit med gruppa Slagr, til tekstar av norske lyrikarar.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Eldrid Gorset
Eldrid Gorset er sopran som har si base i København / Oslo. Ho er ein allsidig kunstnar, og hennar bakgrunn innan dans og teater er lett gjenkjenneleg i karaktertolkningane hennar, som spenn fra kokettsopranroller til ømme kunstsongar. Sesongen 2021/2022 vart ha ansatt ved Den Kongelige Danske Opera som medlem av Unge Kunstneres Ensemble. Eldrid vart uteksaminert våren 2020 fra Operahøgskolen i Oslo (Kunsthøgskolen i Oslo). Før dette studerte ho klassisk song ved Barratt Due musikkinstitutt og Noregs musikkhøgskole (bachelor). Før ho ga seg i kast med den klassiske musikken, studerte ho musikkteater ved Performing Arts School i Göteborg. Eldrid debuterte ved Den Kongelige Opera som Musetta i La bohèmehøsten 2021 og Zerlina i Don Giovanni januar 2022. Seinare same år vart Eldrid invitert til å syngje Menneskerøysta/La Voix Humaine(Poulenc) på Troldhaugen. Eldrid er også ein svært ettertrakta konsertsongar og elsker å synge verkene til Händel, Bach og Haydn. Ho var også ein av grunnleggjarane av det Oslo-baserte operakompaniet Skeive Stemmer.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Hanne & Synne Kjøk
Folkemusikalsk radarpar med mange strengar. Tvillingsystrene Hanne og Synne Kjøk frå Garmo er flaska opp på folkemusikk og i lag om det meste: Fele, vokal, dans og lagspel. Til meistermøtet i Lom bygdamuseum Presthaugen speler systrene Kjøk opp som doble medaljevinnarar frå Landsfestivalen i Førde. På musikkfestkonserten "Meistermøte mellom tre dalføre" set tre framifrå spelemenn frå Gudbrandsdalen, Valdres og Østerdalen kvarandre i stemne: Gudbrandsdalen | Tom Willy Rustad | Multiintstrumentalist og fersk kongepokalvinnar Østerdalen | Olav Kjernmoen | Felespelar som let på mange strengar - mellom anna i folkemusikktrioen Frak, Alvdal Spellmannslag, Strømmen Spellmannslag, Berja Folkrock og Travellin Imbesiles. Valdres | Jan Beitohaugen Granli | Seksdobbel vinnar av Landskappleiken. Hardingspelar Granli er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik. Mellom dei grove tømmerveggene på Glømdalsstugu er vi viss på det kjem til å læte i både låt og latter når desse tre meisterspelemennene og systrene Kjøk set kvarandre i stemne! Foto: Nils Petter Lotherington
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Håvard Svendsrud
Håvard Svendsrud er trekkspelar utdanna ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Vann den nordiske finalen i Frosini Grand Prix i 1993, og er ein sterkt etterspurt og hyppig nytta artist i radio og fjernsyn, som solist og "menig musiker". Svendsrud har vore solist med ulike orkestre, som Stavanger Symfoniorkester, Bærum Symfoniorkester og Forsvarets Musikkorps.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Ingeborg Gillebo
Ingeborg Gillebo fra Øyer er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Operaakademiet i København. Vi har spent fulgt karriera hennar frå Toneprisen i 2007 til diverse store internasjonale scener. I 2010 debuterte ho ved Den Kongelige Opera i København som Margret i Wozzeck og ved Den Norske Opera & Ballett som Cherubino i Figaros bryllup. Sidan då har Gillebo opptrådt på flere store festivaler og ved operahus som Metropolitan Opera, Opernhaus Zürich, Theater an der Wien, Opéra Royal de Versailles, Festspielhaus Baden-Baden, Bayreuth Festival og Drottningholm Festival Stockholm. Gillebo si varme, fyldige mezzo er etterspurt og vi er stolte over å kunne presentere ho på musikkfesten. Ingeborg er også ein viktig del av programrådet i Gudbrandsdal Musikkfest.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Jan Beitohaugen Granli
Jan Beitohaugen Granli er ein norsk hardingfelespelemann.
Granli er født i Øystre Slidre i Valdres, og vart utdanna ved Folkemusikkstudiet i Rauland og Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Hans fremste læremeister har vore Trygve Bolstad. Andre inspiratorar og læremeistrar er Harald Røine, Tore Bolstad, Magnus Daleng, Olav Jørgen Hegge og Knut Bolstad.
Granli er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik. Han har vore ein aktiv kappleiksspelemann og har mange gode plasseringar å vise til. Landskappleiken har han vunne seks gonger: 2002, 2004 (kongepokal), 2006, 2007, 2009 og 2017. Fanitulltevlinga under Den norske folkemusikkveka på Ål har han vunne fem gonger. I 2005 mottok han Øyvind Bergs minnepris.
Granli arbeider til dagleg som frilans-musikar og lærar i musikkskulen i Valdres.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Foto: Jonathan Vivaas Kise
Jo Fougner Skaansar
Bassist, komponist og lillehamring Jo Fougner Skaansar jobbar i inn- og utland med ei rekkje ulike band og artistar. Han har tre eigne album på samvittigheta og har medvirka på over 60 plateutgivelsar, mest innan folkemusikk og jazz. Jo er utdanna frå Jazzlinja ved NTNU, Norges musikkhøgskole og Universitetet i Oslo. I tillegg er han utdanna klinisk psykolog og er ein ettertrakta foredragshaldar innan feltet.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
John Pål Inderberg
John Pål Inderberg er ein allsidig saxofonist med sans for eit spontant musikalsk uttrykk. Han kombinerar mange stiluttrykk blant anna i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar. Hans sopran- og barytonsaxofon kan høres på ei lang rekkie plateinnspillingar.
To ytterpunkter blant Inderbergs medmusikere kan være Lee Konitz og Henning Sommerro. Ved sida av si utøveade virksomheit, er Inderberg professor ved jazzlinja-NTNU i Trondheim.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Lars Opstad
Kjetil Bjerkestrand
Multimusikar, arrangør, produsent, komponist og naturelskar Kjetil Bjerkestrand er busett i Kvitfjell midt i Gudbrandsdalen, men har eit enormt musikalsk nedslagsfelt. "Det du bryner deg mest på, lærer du mest av", seier mannen som har arbeidd med Ray Charles, Dee Dee Bridgewater, Sissel Kyrkjebø og A-ha. Som musikar har han i tillegg til eigne innspelingar, spelt saman med fleire av de overnevnte, samt Dance with a Stranger, DumDum Boys, Jonas Fjeld, Marius Müller, TNT, Arve Tellefsen, Bjørn Eidsvåg og Carola Häggkvist, for å nevne nokon. Han har har også komponert musikk til fleire filmar, tv-seriar, teaterstykker og historiske spel. Han hadde eit tett samarbeid med Ivo Caprino i over 10 år og komponerte musikken til alle supervideograf-filmane hans. Kjetil Bjerkestrand er ein del av styret og programrådet i Gudbrandsdal Musikkfest i tillegg til at han er kunstnerisk leiar for Festspillene i Kristiansund.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Knut Buen
Knut Buen er fødd 31 oktober 1948 og bur i Tuddal i Telemark der han også har heim og base for verksemdene sine. Både på mor og farsida er han ætta frå folkekunstnarar, i fleire generasjonar. Det gjeld skapande og tradisjonsberande utøving i både musikk, kunst og handverk. Han opplevde å veksa opp i miljø der alle desse faguttrykka var levande i miljøet og han lærte seg å spela hardingfele i ein alder av 9 år. Han gjekk vanleg folkeskule i åtte år, men blei seinare mest oppteken av å nytte tida på å lære og samle slåttar, folketonar og folkeminne og forteljing frå eldre kjelder han også blei personleg vener med. Han lærte seg rundt 500 slåttar, og byrja verka som profesjonell konsertmusikar alt frå tenåra. Han gjorde, samstundes, kontinuerleg, innsamling av folkeminne og folkemusikk og stifta eige forlag for utgjeving av fonogram i ulike format, artiklar og bøker. Frå forlaga Rupesekken, Nyrenning og Buen Kulturverkstad har soleis rundt 150 publikasjonar funne vegen ut til interesserte brukarar og nedlastning på nett. Knut Buen har komponert mange titals slåttar og over hundre melodiar til eigne tekstar. Knut er også tekstforfattar og musikar på oppdrag og har gjort ei rekke musikalske verk i samarbeid med arrangørar innan ulike musikksjangrar.
Knut Buen er Professor II ved Norges Musikkhøgskole frå 2017. Han var Statsstipendiat frå 1989 til 2018. Han vart slått til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999. Av prisar nemnest Telemark Fylkes kulturpris, Anders Jahres kulturpris, Hilmarprisen, Spellemannprisen, Gammlengprisen, Lindemans Legat, Telemark Mållag sin pris, Æresmedlemskap i Folkorg og Myllargutens gullmedalje 1979.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Kokken Tor
Tor Jørgen Kramprud Arnesen, og kjend frå suksessen Flying Culinary Circurs, er grunnleggjar av Kokken Tor. Frå kokkelærling, til gründar i det berømte og anerkjende kokketeamet Flying Culinary Circus, har Kokken Tor opplevd det meste; lagd mat og servert internasjonale stjernar som Beyonce, Shakira, Guns'n Roses, Pharrell Williams, Hugh Hefner og Sarah Ferguson. Han har delteke i utallige matprogram, og er ein kjend skikkelse frå Youtube-kanalen til Flying Culinary Circus. Nå har omsider Kokken Tor vendt nasen heimover og har etablert sitt nye konsept "Gourmet på 1-2-3" heime på familiegarden. Tor skal sjølvsagt halde fram med det internasjonale eventyret sitt, men styrer nå matimperiet frå si nye base i Øyer kommune. Under Gudbrandsdal Musikkfest inviterer han i lag med like lokal og internasjonalt bereist mezzosopran Ingeborg Gillebo til musikkfestmiddag på Jevne Gård i lag med vertskapet Inger-Lise og Erling Jevne. Gled deg!
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Lubna Boby Jaffery, Arbeiderpartiet, Hordaland, vara
Kulturminister Lubna Jaffery
– Kultur er en ekstremt viktig del av folks liv, eg er oppteken av at vi skal gje folk moglegheit til å ha gode liv, sa Lubna Jaffery då ho i sommar vart utnemnd til kultur- og likestillingsminister. . Fredag 29. september står kulturministeren for den offisielle opninga av Gudbrandsdal Musikkfest 2023, som pangopnar kl 19:00 med tre parallelle konsertar nord, sør og midt i Dalenes Dal: . Skjåk: Musikkfestmiddag hos Fjelleventyret Lillehammer: Purcell's Playhouse | Barokksolistene | Kafe Banken Vinstra: Tindekonserten | Årstidene i Tinde Fabrikk . Kulturminister Lubna Jaffery er sjølv til stades på Tindekonserten 2023 | Årstidene i Tinde Fabrikk på Vinstra. I fjor sto applausen i taket frå 700 entusiastiske publikummarar - kjem du i år?
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Lillehammer juniorspelemannslag
Musikalsk talent kjem ikkje an livslengda: Lillehammer juniorspelemannslag let ungt talent bryne seg på gamal folkekultur.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Olav Egge Brandal
Pianisten Olav Egge Brandal tok våren 2019 mastergrad i klassisk piano ved Norges Musikkhøgskule. I arbeidet fordjupa han seg i Brahms ́ klavérmusikk, representert ved klavérkvintett op 34 og klavérsonate op 5. Før den tid studerte han ved Griegakademiet i Bergen. Gjennom studietida har han hatt to hovedlærarar, Signe Bakke i Bergen og Einar Henning Smebye i Oslo. I tillegg har han spelt for nokre av landets fremste musikarar som Håvard Gimse, Sveinung Bjelland og Gunilla Sussmann. I Oslo har han og vidareutdanna seg innan pedagogikk.
Gjennom karriera har han gitt konsertar med profilar som Bror Magnus Tødenes, Ingeborg Gillebo, Lise Fjeldstad og Bjarte Engeset. Med sistnemnde som dirigent var han solist i Griegs klavérkonsert med Symfoniorkesteret i Volda i 2018. Med den nye tenorstjerna Tødenes, har han opptredd regelmessig dei siste åra, til fulle hus og flotte kritikkar. I tillegg til å vere pianist underviser han på musikklinja ved Vinstra vidaregåande skule og i Fron kulturskule. I tillegg til dette er han ofte engasjert som organist eller liknande oppdrag. Av prisar og utmerkelsar har han motteke Rønnings legat, Gnist-, Talent- og Draume-stipend. Av innspelingar var han i 2018 ein av utøvarane på plata “Kammerspill” av Ketil Hvoslef. Sidan hausten 2019 har han vore styremedlem i Oslo Griegselskap.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Olav Kjernmoen
Olav er ein ettertrakta felespelar fra Alvdal der han også arbeidar som musikklærar i tillegg til å vera bonde. Olav har gått i lære hjå blant andre Kristoffer Lien - tidl. Filharmonisk ork og hos Lennart Brynhildson - ved Toneheim folkehøyskole og Frode Hoff i Trondheim Symfoniorkester. Olav er en allsidig musiker og aktiv innen både klassisk musikk, folkemusikk, gammeldans og country/folkpop. Han har spela i og vore musikalsk leiar for Alvdal Spellmannslag, Strømmen Spellemannslag, Hedmark Spellemannslag, Laget Hass Knut, Olavs Menn, Travlin Imbesiles, Down South NordØsterdal Symfoniorketer og gruppa FRAK. Han har elles medvirka i oppsettinger av lokale konsertar og musikalar/musikkspel, samt delteke på kappleikar og folkemusikkstevner. Han vann A-klassen i fele på Landskappleiken Tynset 1995.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Orkester Innlandet
Orkester Innlandet er eit profesjonelt strykerensemble tidlegare kjent som Sinfonietta Innlandet. Sidan 2000 har den internasjonalt anerkjende fiolinisten Atle Sponberg, oppvaksen i Gjøvik og med bakgrunn frå kulturskolen der, vore kunstnerisk leiar. Ensemblet har gjennomgått ei rivande utvikling, både i antall prosjekt og i kunstnerisk nivå. På Tindekonserten Cam & Carstensen stiller Orkester Innlandet med seksten strykarar dirigert av Peter Szilvay.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Peter Szilvay
Peter Szilvay er ein av dei mest ettertrakta norske dirigentane og har dirigert orkestre og opera i utlandet og i Norge. Karriera utvikla seg raskt etter hans kritikerroste avsluttande diplomeksamen med det norske radioorkesteret. Peter Szilvay har også komponert fleire stykker og jobba dei fyrste åra som profesjonell bratsjspelar. Etter eksamen arbeidde han som assisterande dirigent i Stavanger Symfoniorkester, og i 1999 vann han konkurranse «Årets dirigent» i Oslo. Han har blant anna dirigert St. Petersburg filharmoniske orkester i Russland, symfoniorkester i Göteborg, Umeå og Malmø i Sverige, radioorkesteret i Paris, det kongelige danske orkesteret og på operaen i Würzburg i Tyskland. I Noreg har han dirigert Oslo Filharmoniske orkester, Bergen Filharmoniske orkester, Det Norske Kammerorkester, Stavanger symfoniorkester, Trondheim symfoniorkester, Kristiansand symfoniorkester, Den Norske Opera og ballett, Arktisk Filharmonisk orkester, Norsk radio og alle dei militære musikkorps.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Foto: Fredrik Arff
Sigmund Groven
Sigmund Groven har ei internasjonal solistkarriere som spenner frå konsertar i Carnegie Hall i New York og Mozarteum i Salzburg til listeplasseringar i Sør-Korea og Hong Kong. Sir George Martin omtala han som «ein strålande musikar, ein av dei finaste munnspelutøvarane i verda». Sigmund er fødd i Heddal i Telemark i ein musikalsk familie; komponisten Eivind Groven var onkelen hans. Tidleg kom han i kontakt med munnspel-legenden Tommy Reilly, som var førebilete, mentor og samarbeidspartnar. Norsk publikum kjenner han frå plateinnspelingar, radio og TV-program og konsertar landet rundt gjennom fleire tiår. Mange av innspelingane hans («Vårsøg», «Svalbardtema» og «Reodors ballade» frå Flåklypa Grand Prix) har blitt folkeeige. NRK-TV laga eit eige program med Sigmund og Kringkastingsorkestret da begge var 75-årsjubilantar i 2021. Mange komponistar har skrive musikk for han, og han er sjølv ein særmerkt komponist. Verklista inneheld over 350 komposisjonar, som spenner frå ”Så spiller vi harmonica” (tekst: Erik Bye) til verk i større format. Fra 2018 har han undervist i munnspel på Norges Musikkhøgskole. Han har fått mange prisar både her heime og i utlandet, og i 2015 blei han utnemnt til Riddar, 1.klasse, av Den kongelige norske St.Olavs orden.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Stian Carstensen
Stian Carstensen er ein av verdas fremste mulitinstrumentalistar. Han trakterer både trekkspill, gitar, banjo, sekkepipe, bulgarsk fløyte, pedal steel gitar, fiolin og leirgjøk.
Stian er fra Eidsvoll og kjem fra ein familie med 5 generasjonar trekkspelarar på begge sider. Han er kanskje mest kjend fra bandet Farmers Market, men har også markert seg som soloartist, solist og konferansier. Stians repertoar består av ein miks av hjemmelagde og importerte musikalske element med hovudvekt på jazz, balkansk folkemusikk, bluegrass, country, og klassisk musikk. Han hamra ofte saman humoristiske viser gjerne på eidsvollsdialekt,og praktiserer improvisert verbalhumor av ypperste merke på scena. Musikalsk brådiktning over forslag fra publikum er eit varemerke.
Stian har samarbeidd med folk som Elias Akselsen, Jerry Douglas, Michael Brecker, Arve Tellefsen, Mike Patton, Wenche Myhre, Jacob Collier, Arve Henriksen, Anne Sofie von Otter, Øystein Sunde, Mathias Eick Alf Cranner, Lars Saabye Christensen og med orkestre i inn og utland. Carstensen har motteke to spellemannpriser og Telenors kulturstipend for grenseløs kommunikasjon.
Av kuriøse faktaopplysningar kan det nevnes at han har vore på hitlistene i Azerbaijan, vorte drapstraa på scena i Kazakstan og har moteke dødsstruslar i brevsform etter å ha skreve tekst og musikk til ny nasjonalsang for Norge på oppdrag fra NRK.
Vi gler oss til å kunne presentere Stian Carstensen på Gudbrandsdal Musikkfest!Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Tom Willy Rustad
Spelemann bosatt i Sør-Fron og den første i Norge som har tatt hovedfag i folkemusikk med torader som hovudinstrument. Spiller også gitar, munnharpe, seljefløyte og kontrabass, og har vunnet Landskappleiken på alle instrumentene! Tom Willy har gitt ut 29 plate- og cd- produksjoner, og har hatt mange komponistoppdrag knyttet til folkemusikkfestivalar og teateroppsettingar. I 1999 og 2007 mottok han Spelemannsprisen sammen med folkemusikkgruppa Kvarts. Han har vunnet en rekke nasjonale og internasjonale priser for sitt toraderspill.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Unge, lokale musikktalent
Ingen fest utan ungdom! På mange av konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest speler unge talent opp i lag med etablerte artistar innan klassisk og folkemusikk – til felles inspirasjon og glede. Så og på denne konserten! Varm takk til alle unge, lokale musikarar for dykkar bidrag på konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – og til framifrå kulturskular i dalen for entusiasme og samarbeid.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Vegar Vårdal
Musiker, danser og komponist Vegar Vårdal har meir enn 20 års erfaring som utøvar så vel som pedagog. Vegar er bosatt i Vågå i Gudbrandsdalen, men har heile Noreg og verda som arbeidsstad. Han spelar både vanleg fele og hardingfele, med utdanning frå Norges Musikkhøgskole. Vegar karakteriseres som ein energisk, leiken og allsidig musikar – og bevegar seg over eit breitt spekter av sjangre. I 2020 fekk Vegar Hilmarprisen, og vart også kåra til Årets folkemusikar.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Vegard Moshagen
Det går til tider både høyt og lavt og i et raskt tempo for Vegard Moshagen. På kulturarrangementer, ved konserter og tilstelninger er han som regel til stede, enten det er på scenen som eminent musiker, eller det er i kulissene som lydansvarlig og kunstnerisk produsent. Det virker som han alltid er med. Et uuttømmelig engasjement - som du vil høre resultatet av under hele Gudbrandsdal Musikkfest.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Wolfgang Plagge
Komponist, pianist og musikkformidlar Wolfgang Plagge skreiv sine fyrste komposisjonar allereie som tolvåring, og har gjennom ein omfangsrik og spanande karriere vist seg som ein særs vidfemnande og mangesidig musikar. Han har blant anna dyrka ei genuin interesse for tidlegmusikk, og har ei evne til å formidle både dei store linene og dei kuriøse detaljane frå musikkhistoria med innleving og høgt presisjonsnivå. Plagge vart kjent som eit vidunderbarn da han vann Ungdommens Pianomesterskap berre 11 år gamal og debuterte som pianist året etter. Han har i vaksen alder virka vel så mykje som komponist og har komponert meir enn 130 verker. Som komponist har han ei omfattande produksjon med en verkliste som spenner fra liturgisk musikk til symfoniske verker. Hoveddelen består imidlertid av klaver- og kammermusikk. Wolfgang Plagge er professor ved Norges musikkhøgskole.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett