Avdemsbue og Lesja kyrkje

Avdemsbue

Avdemsbue er ein landhandel med røt attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og den 6. Juli 2019 opna Anna Avdem eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkome til lunsjkonsert på Avdemsbue med nokre av musikarane du vil møte igjen på konserten i Lesja kyrkje same kveld! Anna serverar deg smakebitar frå kjøkenet sitt.

Lesja kyrkje

Hovudkyrkja i Leskja prestegjeld ligg på ei lita høgde sentralt i bygda med Lesja bygdemuseum som næraste nabo. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel og er viden kjend for sine mange og vakre treutskjæringar. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot vatnet som sidan vart drenert vekk for å frigjere jordbruksland. Kyrkja er soknkekyrkja for Lesja sogn og var tidlegare hovudkyrkje i Lesja prestegjeld.

Velkome til kyrkjekonsert i fremste praktbygget i Lesja!

Konserter

MUSIKKMATFEST | LUNSJ AVDEM OG KYRKJEKONSERT STEMMER

Avdemsbue og Lesja kyrkje
28. September

Les mer
Billett