Klima & miljø

Gudbrandsdal Musikkfest gjør ei rekke grep for lågast moglege klima- og miljøavtrykk frå arrangement og publikum. 

KLIMA

Største kjelder til klimautslepp: 

  • Publikum sin transport til og frå konsertar utgjer langt på veg heile klimautsleppet frå Gudbrandsdal Musikkfest.
  • Artistar si reise til og frå konsertar
  • Administrasjon og styre si reiseverksemd 

Tiltak for å minimere klimautslepp:

  • Marknadsføring mot eit lokalt og regionalt publikum i Gudbrandsdalen og sentrale Austlandet.
  • Marknadsføring mot målgrupper som ikkje nyttar fly eller har reise lengre enn to timer til og frå konsert.  
  • Opplyser om moglegheit for kollektiv transport med tog og buss – oppfordrar til samkøyring.
  • Hyrer ikkje inn artistar som treng fly for å kome til konsertarenaene.
  • Samlar alle artistar på felles base sentralt i Gudbrandsdalen, noko som minimerer transport til og mellom konsertarenaer
  • Administrasjon og styre utfører det aller meste av si møteverksemd digitalt – og tek av prinsipp ikkje fly i samband med arbeidet med Gudbrandsdal Musikkfest.

MILJØ: 

Største miljøavtrykk:

Klimautslepp utgjer det klart største miljøavtrykket frå Gudbrandsdal Musikkfest. Ut over klima, har vi iverksett desse miljøtiltaka: 

  • Leige og gjenbruk av alt utstyr og materiell
  • Marknadsføring i stor grad utført digitalt
  • Trykksaker produsert lokalt med miljøsertifisering
  • Bannere blir gjenbrukt over mange år
  • Konsertane genererar minimalt med avfall, som blir kjeldesortert og håndtert lokalt på kvar konsertarena.
  • Oppvarming av fleire av våre konsertareaner foregår med lokalt produsert varmenenergi 
  • Gudbrandsdal Musikkfest søker primært samarbeidspartnere og konsertarenaer som er miljøsertifisert og tar hånd om sitt eget avfall. 

SOSIALT OG LOKALT: 

Gudbrandsdal Musikkfest gir stor verdiskaping og ringverknadar lokalt og regionalt – både økonomisk og sosialt. På dette viset bidreg vi til berekraftige samfunn. 

Bærekraftsansvarleg: Sigurd Rønningen

Samarbeidspartnere:

Offentlege bidragsytere:

Lillehammer kommune
Lom kommune
Dovre kommune                                                                     
Nord-Fron kommune
Sør-Fron kommune
Ringebu kommune
Vågå kommune

Innlandet fylkeskommune

Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen

Regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen