29. september
SVEISESYMFONIEN
Stjernesolist og strykekvartett, slagverk og jazz på gudbrandsdalsk i sveisen symfoni – hos Lonbakken Mekaniske på Otta!
Gløym alt du trudde du visste om klassisk musikk og industrieventyr i Gudbrandsdalen. Denne kvelden blir gneistane frå sveiserigget blanda med perkusjon og stjernesopran, nyskapande og tradisjonsrik jazz på gudbrandsdalsk, fersk spelemannsprisvinnar Kjetil Bjerkestrand og herlege Feristun – alt saman sveisa saman til ei musikalsk forundringspakke du aldri har sett eller høyrd maken til: Sveisesymfonien!
Eli Kristin Hansveen | Sopran
Rolv Olav Eide| Perkusjon
John Pål Inderberg | Jazzsaksofon
Kjetil Bjerkestrand | Tangentar
Feristun | Spelekvinnelag
Orkester Innlandet | Strykekvartett
Jo Fougner Skaansar| Bass
Vegard Moshagen | Tangentar
Sveisere frå Lonbakken Mekaniske
Sveisesymfonien er Gudbrandsdal Musikkfest sin hyllest til solide og nyskapande gudbrandsdølar i toner og sveis, ei unik kulturoppleving i eit konsertlokale og hjå ei familiebedrift og industrieventyr heilt utanom det vanlege: Lonbakken Mekaniske. Konserten inkluderar innslag frå fjorårets publikumsfavoritt Jazz på gudbrandsdalsk, samt Ferist-markedsleiar Lonbakken sine musikalske favorittar: Feristun!
Bli med å skrive nyare industrihistorie på Lonbakken Mekaniske Mangesysleri!