ARTISTAR
Foto: Julia Marie Nagelstad
Bjørn Tomren
Polka-Bjørn. Stjernekamp-Bjørn Strupesang-Bjørn. Kjær artist har mange namn - og Bjørn Tomren lev opp til dei alle. Og meir til!
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Eli Kristin Hansveen
Eli Kristin Hanssveen er kjend for sin unike karisma, skodespelartalent og allsidige stemme. I 2002 hadde ho sin operadebut ved Den Norske Opera & Ballett, kor ho har vore solist sidan 2010. Hennar noverende hovedroller er Lucia di Lammermoor, Norina, Violetta, Leonore i Il Trovatore og Butterfly. Eli Kristin Hanssveen har skapt og er kunstnerisk leiar for Operafest Røykenvik, ein av Noreg sine mest suksessrike musikkfestivalar.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Feristun
Feristun er ein folkemusikktrio som består av Hanne og Synne Kjøk og Janne Urkegjerde. Dei spelar, syng og dansar. Hanne og Synne er frå Garmo og Janne er frå Stranda. Dei tre jentene starta i klasse saman med landslina i folkemusikk på Vinstra vgs. No er dei ferdige med tre år på Vinstra og ventar spanande år framover.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
G-KRAFT
G-KRAFT er Gudbrandsdal Musikkfest sitt talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk - retta seg mot unge talent frå begge sjangrar busett i Gudbrandsdalen, Lillehammer og kring Mjøsa. G-KRAFT kulminerer med opptreden på Tindekonserten Jubileum og Gudbrandsfest siste helga i september - gle dykk til å oppleve toppa talentlag under leiing av Ørnulf Juvkam Dyve, Atle Sponberg og Dmytro Kozar.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Gangar
Er du klar for ein musikkfest ein ikkje skulle tru var mogleg? Folkrockbandet Gangar har landa som ein komet i musikkverda med sine gnistrande liveshow, og har spredd sin grensesprengande versjon av norsk tradisjonsmusikk til begeistra publikummere verda rundt. Gangar finn inspirasjon hos legendar innan rock og metal som AC/DC og Meshuggah, men og på historiske voksrullopptak av norsk folkemusikk funne i arkiva. Med sitt nyskapande og unike lydbilete, gjer Gangar kulturarven tilgjengeleg og moro for eit allment publikum utan å inngå kompromiss ovanfor tradisjonen - og sparkar i gang ein skikkeleg fest i same slengen.
“Kvar generasjon må ha sitt folkrockband. Med Gangar er stafettpinnen teken og framtida sikra.”- Odd Nordstoga
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Ingeborg Gillebo
Ingeborg Gillebo fra Øyer er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Operaakademiet i København. Mezzosopran Ingeborg Gillebo er ikkje som andre verdsartistar - og gudbrandsdølar. Med fjøsveggen heime på Øyer som publikum og etter kvart kulturhus i heile dalføret som scener, la Ingeborg grunnlaget for ei karriere som internasjonal mezzosopran med opptreden på ei rekkje av dei fremste operahusa og konserthusa i verda. Gjennom Gudbrandsdal Musikkfest har Ingeborg funne arenaer til å gi attende til dalføret ho brenn for og kjenner seg heime i - på eit vis som lyfter ein kvar konsert. I 2010 debuterte Ingeborg ved Den Kongelige Opera i København som Margret i Wozzeck og ved Den Norske Opera & Ballett som Cherubino i Figaros bryllup. Sidan då har Gillebo opptrådt på flere store festivaler og ved operahus som Metropolitan Opera, Opernhaus Zürich, Theater an der Wien, Opéra Royal de Versailles, Festspielhaus Baden-Baden, Bayreuth Festival og Drottningholm Festival Stockholm.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Ingrid Høivik Bjørkås & Ingeborg Utheim Iversen
Pur unge operasolistar med store stemmer frå Ringsakeroperaen sin operaskole. Ringsaker OperaSkole ble virkelighet for første gang i 2012 og er RingsakerOperaen si satsing på barn og unge. ROS sett opp eigne forestillingar og deltek innimellom på hovudoppsettinga.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Foto: Jonathan Vivaas Kise
Jo Fougner Skaansar
Bassist, komponist og lillehamring Jo Fougner Skaansar jobbar i inn- og utland med ei rekkje ulike band og artistar. Han har tre eigne album på samvittigheta og har medvirka på over 60 plateutgivelsar, mest innan folkemusikk og jazz. Jo er utdanna frå Jazzlinja ved NTNU, Norges musikkhøgskole og Universitetet i Oslo. I tillegg er han utdanna klinisk psykolog og er ein ettertrakta foredragshaldar innan feltet.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
John Pål Inderberg
John Pål Inderberg er ein allsidig saxofonist med sans for eit spontant musikalsk uttrykk. Han kombinerar mange stiluttrykk blant anna i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar. Hans sopran- og barytonsaxofon kan høres på ei lang rekkie plateinnspillingar.
To ytterpunkter blant Inderbergs medmusikere kan være Lee Konitz og Henning Sommerro. Ved sida av si utøveade virksomheit, er Inderberg professor ved jazzlinja-NTNU i Trondheim.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Lars Opstad
Kjetil Bjerkestrand
Multimusikar, arrangør, produsent, komponist og naturelskar Kjetil Bjerkestrand er busett i Kvitfjell midt i Gudbrandsdalen, men har eit enormt musikalsk nedslagsfelt. "Det du bryner deg mest på, lærer du mest av", seier mannen som har arbeidd med Ray Charles, Dee Dee Bridgewater, Sissel Kyrkjebø og A-ha. Som musikar har han i tillegg til eigne innspelingar, spelt saman med fleire av de overnevnte, samt Dance with a Stranger, DumDum Boys, Jonas Fjeld, Marius Müller, TNT, Arve Tellefsen, Bjørn Eidsvåg og Carola Häggkvist, for å nevne nokon. Han har har også komponert musikk til fleire filmar, tv-seriar, teaterstykker og historiske spel. Han hadde eit tett samarbeid med Ivo Caprino i over 10 år og komponerte musikken til alle supervideograf-filmane hans. Kjetil Bjerkestrand er ein del av styret og programrådet i Gudbrandsdal Musikkfest i tillegg til at han er kunstnerisk leiar for Festspillene i Kristiansund.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Lesja barnekor
Evigunge Lesja barnekor syng av full hals på tredje tiåret - og er ei oppleving i sangglede og toneleik. Koret er leia av organist i Lesja kyrkje, Solfrid Kvarmestøl Grønbeck.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Luftforsvarets musikkorps
Luftforsvarets musikkorps har 200 år lang historie og er rekna som eitt av Europa sine leiande militærkorps. Korpset vart opprinneleg oppretta i 1818 som 5. brigades musikkorps og seinare som 5. divisjons musikkorps og Forsvarets musikkorps Trøndelag. I over hundre år var korpset Trondheim sitt einaste profesjonelle ensemble. Etter overgangen til Luftforsvaret har korpset gått fra å vere eit korps for Midt-Norge til å ha heile landet som arbeidsområde - og har ein sterk nasjonal profil.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Madam Jam
Sprudlande og banebrytande liveband toppa med sju leiande folkemusikarar på banjo, elgitar, bratsj, gitar, torader, kontrabass. Gløym alt du trudde du visste om folkemusikk – nystarta og nyskapande Madam Jam kan minne om dampande bluegrass og spenstig irsk folkemusikk. Bli betre kjend med Madam Jam her her!
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Martin Steinum Brun
Som songar har Martin Steinum Brun verka innan både klassiske og folkemusikalske rom, både som solomusikar og i ulike ensemble, til dømes i kvedartrioen Rakkarpakk. Etter to år med klassisk skolering ved Griegakademiet i Bergen, tek han no ein bachelor innan utøvande folkemusikk på Norges Musikkhøgskole. Nyfiken på å vidareformidle sin lokaltradisjon frå Vågå i Gudbrandsdalen er han uredd for å utforske materialets plass i nye konstellasjonar.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Mikkel Skorpen
Den lyriske tenoren Mikkel Skorpen (født 1990) frå Tretten studerte klassisk sang ved ArtEZ Hogeschool voor de kunsten i Zwolle i Nederland og fullførte sin mastergrad ved Operahøgskolen i Oslo. Våren 2018 debuterte Skorpen ved Den Norske Opera & Ballett, då han lærte rolla og hoppa inn som Arturo i Lucia di Lammermoor same dag som forestillinga. Skorpen vart engasjert som solistpraktikant ved DNO&B, og sang mellom anna rollen som Tsjaplitskij i Spar Dame av Tsjajkovskij og Arthur Jones i Billy Budd av Britten. I 2022 tolka Skorpen rolla som Merkur i Den Norske Opera & Balletts nye versjon av Offenbachs Orfeus i Underverdenen, med Vidar Magnussen som regissør - og gjesta Bergen Nasjonale Opera som klesdesignaren og tv-kjendisen Sylvester i Den glade enke 2.0.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Mons Michael Thommessen
Mons Michael Thommessen kommer fra Lillehammer og er utdannet ved Norges Musikkhøgskole, Universität Mozarteum Salzburg og Barratt Due musikkinstitutt. Han har mottatt flere utmerkelser og stipendier for sitt spill. Med base i Oslo opptrer han regelmessig på konserter rundt omkring på hele østlandsområdet, både som solist og i ensemble.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Orkester Innlandet
Orkester Innlandet er eit profesjonelt strykerensemble tidlegare kjent som Sinfonietta Innlandet. Sidan 2000 har den internasjonalt anerkjende fiolinisten Atle Sponberg, oppvaksen i Gjøvik og med bakgrunn frå kulturskolen der, vore kunstnerisk leiar. Ensemblet har gjennomgått ei rivande utvikling, både i antall prosjekt og i kunstnerisk nivå. På Sveisesymfonien på Lonbakken Mekaniske kan du oppleve ein strykekvartett frå Orkester Innlandet med musikarane: Marius Westling, Angelika Faber Karsrud, Henrik Hannisdal og Hilda Sponberg Hansen.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Peter Szilvay
Peter Szilvay er ein av dei mest ettertrakta norske dirigentane og har dirigert orkestre og opera i utlandet og i Norge. Karriera utvikla seg raskt etter hans kritikerroste avsluttande diplomeksamen med det norske radioorkesteret. Peter Szilvay har også komponert fleire stykker og jobba dei fyrste åra som profesjonell bratsjspelar. Etter eksamen arbeidde han som assisterande dirigent i Stavanger Symfoniorkester, og i 1999 vann han konkurranse «Årets dirigent» i Oslo. Han har blant anna dirigert St. Petersburg filharmoniske orkester i Russland, symfoniorkester i Göteborg, Umeå og Malmø i Sverige, radioorkesteret i Paris, det kongelige danske orkesteret og på operaen i Würzburg i Tyskland. I Noreg har han dirigert Oslo Filharmoniske orkester, Bergen Filharmoniske orkester, Det Norske Kammerorkester, Stavanger symfoniorkester, Trondheim symfoniorkester, Kristiansand symfoniorkester, Den Norske Opera og ballett, Arktisk Filharmonisk orkester, Norsk radio og alle dei militære musikkorps.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Rolv Olav Eide
Trommevirtuos og perkusjonistperfeksjonist kjent over land og strand for sine unike lydbilder.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Sara Övinge
Sara Övinge begynte å spele fiolin som 4-åring og fullførte diplomstudiet ved Norges Musikkhøgskole som den yngste nokon sinne. Gle deg til eit fyrverkeri med fiolin! Sara er fersk vinnar av spelemannsprisen og har mellom anna vunne prisen «Lytternes solist» i Sverige si største musikkonkurranse – Solistprisen. Övinge vann og Ljunggrenska si konkurranse for unge musikere, noko som førte til solistoppdrag med mange av dei fremste symfoniorkestra i Skandinavia.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Synnøve Brøndbo Plassen
Synnøve Brøndbo Plassen er folkemusiker og folkesanger, og har på kort tid blitt ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg. Hausten 2021 kom ho med sitt debutalbum "Hjemve" som ho fekk ein spellemannsnominasjon for. I november 2022 fekk ho Folkelarmprisen for beste soloalbum. Hjemve har motteke ei rekkje gode meldingar frå både norsk og internasjonal presse. I 2023 vann Brøndbo Plassen A-klassa i vokal på landskappleiken, og har dei siste åra motteke ei rekkje utmerkingar. Brøndbo har fleire gode plasseringar på tevlingar innan Norsk folkemusikk og har og blitt kåra til Årets dansespellmann på kappleik flere gonger.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Vegard Moshagen
Det går til tider både høyt og lavt og i et raskt tempo for Vegard Moshagen. På kulturarrangementer, ved konserter og tilstelninger er han som regel til stede, enten det er på scenen som eminent musiker, eller det er i kulissene som lydansvarlig og kunstnerisk produsent. Det virker som han alltid er med. Et uuttømmelig engasjement - som du vil høre resultatet av under hele Gudbrandsdal Musikkfest.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Vokalrekrutt-KRUTT
Svært unge og like lovande sølvstruper i Vokalrekrutt-KRUTT frå Vågå syng av full hals - og er ei oppleving i sangglede og tradisjonell toneleik.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett