Ung musikkfest!

Ingen fest utan ungdom! På mange av konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest speler unge talent opp i lag med etablerte artistar innan klassisk og folkemusikk – til felles inspirasjon og glede. 

Varm takk til alle unge, lokale musikarar for dykkar bidrag på konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – og til framifrå kulturskular i dalen for entusiasme og samarbeid!

Ung musikkfest 2023

Ungt musikalsk talent frå dalen deltek på fleire av konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – sjå program for meir info.

Ung musikkfest 2022

Nær 60 unge musikarar fullførte prosjektet som vart avslutta under musikkfesten sin åpningskonsert med Kringkastingsorkesteret (KORK) den 30. september 2022. Dei unge musikarane åpna konserten med tre fellesnummer, og 14 av dei eldste spelte i tillegg eit nummer saman med KORK og læraren sin, Bjørn Kåre Odde.

Ung musikkfest 2021

I samarbeid med FolkRekrutt og Elsine Haugstad inviterte Gudbrandsdal Musikkfest hausten 2021 born og unge frå heile Gudbrandsdalen til eit musikalsk samarbeid sentrert rundt musikken til Ole Hjellemo. 

UNGT TALENT: 60 unge musikarar på same scene som KORK og dirigent Peter Szilvay under åpningskonserten til Gudbrandsdal Musikkfest i Tinde fabrikk 2022. Foto: Thor Hauknes

OPPSUMMERING AV PROSJEKTET «GUDBRANDSDALEN I SYMFONI» 2022

Kulturskoler og spelemannslag i heile Gudbrandsdalen

I samarbeid med, og etter initiativ frå dirigent Elsine Haugstad vil Musikkfesten sette i gang et felles fordjupningsprosjekt med elevar i kulturskolar, spelemannslag og folkemusikklinja på Vinstra, som munnar ut i historiefortelljande konsertar spredt i kommunane, og til slutt ein storstilt festkonsert med Kringkastningsorkesteret under Gudbrandsdal Musikkfest. Stoffet skal sentrerast rundt Ole Hjellemo, og vil betone nettopp den sjangermessige tospråkligheita hans, og passar difor godt inn i både festivalens kjerne og målet med deltakande aktivitetar for barn og unge.

Barn og unge fra småskule til vidaregåande skule

I samarbeid med Folk Rekrutt inviterar Gudbrandsdal Musikkfest alle strykarar i kulturskular og spelemannslag til å være med, og vil også innlemme sang-, belg- og danseelever på festkonserten i september 2022. I formidlingskonsertserien er gruppar frå folkemusikklinja, kulturskoler og spelemannslag sentrale utøvarar i lag med etablerte musikarar. 

For meir informasjon om kurs, arena og instruktørar: FolkRekrutt | Folkemusikkprogram for ungdommar i Gudbrandsdalen

Ole Hjellemo

Ein ypparleg representant for både klassisk og folkemusikk. Hjellemo var både spelemann og klassisk komponist, orkestermusikar i Opera Comique og underviste mellom anna Sparre-Olsen på Musikkonservatoriet. I dag er han kjend som kjelde for folkemusikken, medan orkester- og kammerverkane har falt utanom, til tross for mange oppføringar i norske og skandinaviske orkester i hans levetid. Fem symfoniar, ein felekonsert og kortare fantasiar spenn stilistisk frå det velkjende nasjonalromantiske og springleikbearbeidelsar, til ein svært fri og fantasifull stil, med enorme lerret og ein episk klangverden.

 Tusen takk!

Stor takk til Sparebankstiftelsen DNB som gjorde Gudbrandsdalen i symfoni mogleg!