
29. september – 1. oktober 2023
Gudbrandsdalen i gullskrift
10 konsertar | Heile Gudbrandsdalen | 3 dagar
Gudbrandsdal Musikkfest speler opp med framifrå artistar og verstskap, forunderlege konsertarenaer og herlege måltid i bygd, by og fjellheim!
Gudbrandsdal Musikkfest byr på magiske augneblikk der publikum og artistar får møte det beste av vår eigen musikktradisjon i samspel med perler frå det klassiske repertoaret.
Konsertane foregår midt i det Gudbrandsdalske kulturlandskapet, på intime arenaer med sjel og historie.
Vil du vere med så heng på – til eventyr for alle sansar!

Tindekonserten
Få med deg haustens musikalske høgdepunkt i Nordens største hyttefabrikk midt i Gudbrandsdalen!
Dagspass
Dagspass laurdag:
Tre topp konsertar, nydeleg lokalmatlunsj og musikkfestmiddag, toppa med ølsmaking ved Lomb. Dagspass: 1550,- Du sparar 500,-
Dagspass søndag:
Dagspass søndag: 650,- Du sparar 150,-

Arenaer med særpreg
Gudbrandsdalen er tjærebrune tømmerveggar i eventyrlege kulturlandskap – og veldig mykje meir. Gudbrandsdal Musikkfest ynskjer å dyrke eit mangfald av uttrykksformer også når det gjeld valg av konsertlokalar. Festivalen inviterer derfor til «konserthus» over hele spekteret – frå moderne arkitektoniske ikonbygg via industrihallar, kunstnarheim og museumsfoajear – til tømmerveggar og akantus.

Artistar med lidenskap
Musikkfestprogrammet presenterar utøvarar i det ypperte sjiktet innan klassisk musikk og nordisk folkemusikk, og er fyste kammermusikkfestival i Norge som sidestiller desse to musikkformene. Inspirasjonen henter vi tilbake til pionerene Ole Bull og Edvard Grieg som begge bevega seg i dette spanande musikalske og geografiske landskapet med stor lidenskap.

Samarbeidspartnere:





Offentlege bidragsytere:
Lillehammer kommune
Lom kommune
Dovre kommune
Nord-Fron kommune
Sør-Fron kommune
Ringebu kommune
Vågå kommune
Innlandet fylkeskommune
Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen
Regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen