28. september

STEMMER FRÅ DAL OG FJELL | Lesja

Kyrkjekonsert med klassiske solistar og lokale sølvstruper i Lesja kyrkje. Mottaking på bygdemuseet og kyrkjevandring med Knut Aastad Bråten til konserten.

Velkomen til haustens kulturelle høgdepunkt på Lesja. Varm gjerne opp med nydeleg musikkfestlunsj på Avdemsbue kl 12:00 (sjå eige arrangement) – eller kom direkte til konserten.

18:00 Konsert i Lesja kyrkje

Parkering og mottaking på Lesja Bygdemuseum kl 18:00 ved Knut Aastad Bråten. Herifrå felles vandring gjennom Kyrkjeholen til kyrkjekonsert med start kl 19:00.

Velkomen til stemningsfull kyrkjekonsert med framifrå solistar og unge, lokale sølvstruper. Opplev ei sjeldan stjernerekke solistar innan klassisk og folkemusikk under leiing av mezzosopran Ingeborg Gillebo.

Verdsartist Ingeborg Gillebo frå Øyer har invitert med seg eit finstemt selskap med framifrå gullstruper med stemmeprakt til å lyfte dal og flytte fjell – mellom dei fersk Folkelarmvinnar og vokalstjerneskot Synnøve Brøndbo Plassen og operatenor Mikkel Skorpen – oppvaksen på Tretten. Ei stemmeprakt toppa av Vågå sin eige vokalfunn Martin Steinum Brun – siste høyrd og sett som solist i NRK sin julekonsert med Kringkastingsorkesteret KORK frå Rudi Gard.

Folkesangerinne Brøndbo Plassen har på særs stutt tid vorte ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg. Debutalbumet «Hjemve» vart ho spellemannsnominert for – og i fjor mottok ho Folkelarmprisen for beste soloalbum. Hjemve har motteke ei rekkje gode meldingar frå både norsk og internasjonal presse. I 2023 vann Brøndbo Plassen A-klassa i vokal på landskappleiken, og har dei siste åra motteke ei rekkje utmerkingar.

Vil du vere med på haustens høgdepunkt på Lesja, så heng på og ting billett!

Sjå resten av programmet for Gudbrandsdal Musikkfest på www.gudbrandsfest.no

Musikklunsjlokalet

Avdemsbue