28. september

STEMMER FRÅ DAL OG FJELL | Vågå

Opplev ei sjeldan stjernerekke solistar innan klassisk og folkemusikk under leiing av mezzosopran Ingeborg Gillebo.

Verdsartist Ingeborg Gillebo frå Øyer har invitert med seg eit finstemt selskap med framifrå gullstruper med stemmeprakt til å lyfte dal og flytte fjell – mellom dei fersk Folkelarmvinnar og vokalstjerneskot Synnøve Brøndbo Plassen og operatenor Mikkel Skorpen – oppvaksen på Tretten. Ei stemmeprakt toppa av Vågå sin eige vokalfunn Martin Steinum Brun – siste høyrd og sett som solist i NRK sin julekonsert med Kringkastingsorkesteret KORK frå Rudi Gard.

Folkesangerinne Brøndbo Plassen har på særs stutt tid vorte ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg. Debutalbumet «Hjemve» vart ho spellemannsnominert for – og i fjor mottok ho Folkelarmprisen for beste soloalbum. Hjemve har motteke ei rekkje gode meldingar frå både norsk og internasjonal presse. I 2023 vann Brøndbo Plassen A-klassa i vokal på landskappleiken, og har dei siste åra motteke ei rekkje utmerkingar.

Konserten finn stad i Galleri Ullinsvin omgitt av fotoutstillinga “Morten Krogvold sine utvalde” 

Sjå resten av programmet for Gudbrandsdal Musikkfest på www.gudbrandsfest.no