ARENAER
Frå Mjøsa i sør til Dovrefjell og Jotunheimen i nord - frå tømmervegger og akantus til glas og betong: På Gudbrandsdalen Musikkfest er arenaene ein del av opplevinga
Avdemsbue
Avdemsbue er ein landhandel med røter attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og den 6. Juli 2019 opna Anna Avdem eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkome til lunsjkonsert på Avdemsbue med nokre av musikarane du vil møte igjen på meisterkonserten i Lesja kyrkje same kveld! Anna serverar deg smakebitar frå kjøkenet sitt.
Galleri Ullinsvin | Vågå
Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar. Galleri Ullinsvin byr deg det beste frå kunst og kultur, historie og samtid, bygdeliv og høgkultur – smelta saman på ein heilt unik arena. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i både stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar. Les meir: www.ullinsvin.www.ullinsvin.no
Lesja Kyrkje
Lesja kyrkje er hovudkyrkja i Leskja prestegjeld og ligg på ei lita høgde sentralt i bygda med Lesja bygdemuseum som næraste nabo. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel og er viden kjend for sine mange og vakre treutskjæringar. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot vatnet som sidan vart drenert vekk for å frigjere jordbruksland. Kyrkja er soknkekyrkja for Lesja sogn og var tidlegare hovudkyrkje i Lesja prestegjeld. Velkome til kyrkjekonsert i fremste praktbygget i Lesja!
Lesja kyrkje
Lesja kyrkje Hovudkyrkja i Leskja prestegjeld ligg på ei lita høgde sentralt i bygda med Lesja bygdemuseum som næraste nabo. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel og er viden kjend for sine mange og vakre treutskjæringar. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot vatnet som sidan vart drenert vekk for å frigjere jordbruksland. Kyrkja er soknkekyrkja for Lesja sogn og var tidlegare hovudkyrkje i Lesja prestegjeld. Velkome til kyrkjekonsert i fremste praktbygget i Lesja!
Lonbakken Mek | Otta
Sveiseflammer og strykeinstrumenter, stålrør og stiletthæler, ferister og sopraner: Velkommen til en klassisk kveld i skapende omgivelser! Lonbakken Mekaniske Verksted – for anledningen omdøpt til Otta Konserthus – har spisskompetanse på skreddersydde arkitektoniske stålprodukter. Sist ut en gedigen spesialdesignet trapp innvendig i Lambda, det nye Munch-museet i Oslo.
Pinsehelga | Ringsvegutua 16 – Lillehammer
Villa "Pinsehelga" finner du i Ringsvegutua 16 på Lillehammer. Dette er Olemic Thommessen sin private heim - med privat konsertsal for eit publikum på inntil 70 personar. Ei oppleving for både øyrer og auger.
Rudi Gard | Sør-Fron
På stemningsfullle Rudi Gard dyrkes gode kulturopplevelser. Med utsyn over eventyrlege Gudbrandsdalen kan du etter velkomsten i et intimt og innbygdende gårdstun varme opp til konserten med et betre måltid servert ved langbordet i «fjøset». Selve konsertlokalet ligger i den nybygde låven, med sitteplasser i to etasjer og takhøyde for de fleste kulturuttrykk. Velkommen til gards! Adresse: Rudivegen 40 2647 Sør-Fron
Tinde Fabrikk | Vinstra
Dalens svar på Telenor Arena! Velkomen til 20 000 kvadratmeter med hyttefabrikk som i fjor var arena for Gudbrandsdal Musikkfest sin opningskonsert med Kringkastingsorkesteret. No ryddar dei nok ein gong fabrikken og riggar til storkonsert. Gudbrandsdalen er kjent for sine solide og gode håndverkstradisjoner. Med over 40 års erfaring har Tinde hytter utvikla seg til å bli ein av landets fremste hytteleverandørar og byggjer vidare på dalen sine gode verdiar i alle sine leveransar. Når ei stjernerekke med artistar i haust igjen inntek Tinde sine produksjonslokal, ryddar fabrikksjef, konserndirektør og andre medarbeidarar lokala og er med og riggar gigascena for å ta i mot landets fremste musikarar, unge talent, lokalt publikum og hyttegjestar til fabrikken sin. For eit konserthus - og for ei bedrift! Adresse: Lomovegen 21 2640 Vinstra