Avdemsbue

Avdemsbue er ein landhandel med røter attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og den 6. Juli 2019 opna Anna Avdem eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkome til lunsjkonsert på Avdemsbue med nokre av musikarane du vil møte igjen på meisterkonserten i Lesja kyrkje same kveld! Anna serverar deg smakebitar frå kjøkenet sitt.

Konserter