Aukrust Gard & Urteri | Lom

Oldfunn viser at gardshistoria på Aukrust går attende til vikingtid og mellomalder.

Her var det sikkert drift når Heilag-Olav for gjennom bygda i 1021, altså for 1000 år sidan! På solsida under Lomseggen var det gode vekstvilkår for bygg, som berga folk gjennom vinteren.

Ola Aukrust – dagens bonde på garden – sin olderfar heitte også Ola, og var med å starte Grundtvig-inspirert grunnskule på garden Ofigsbø på andre sida av elva. Odelsguten i neste generasjon heitte Olav (1883-1929), han synte tidleg littærere evner og i mindre grad praktiske! Altså tok broren Pål over garden, også født i 1883, men tvillingar var dei ikkje! Han var ein markant person i bygda, kjøpte Ulvåt Seter øvst i Bøverdalen, var ordførar i Lom under krigen – og attvald til ordførar etter krigen!

I kvardagen er Pål kanskje den som er mest til stades: Han dreiv nybrottsarbeid med dynamitt, spett, hest og slede – til han var 80 år! Steinen la han og hesten opp i ei forseggjort røys, og på toppen reiste han ein kleberstein som står som eit minnesmerke over slit og arbeidsglede!

Ein tredje bror heitte Lars, gjekk landbruksskulen på Ås og vart rektor på Storsteigen landbruksskule i Alvdal. Som de sikkert forstår, dette er faren til Kjell! Kjell var mykje i Lom som barn og ungdom, faren fekk hyttetomt og bygde «Larstrædet» på garden. I hytteboka er sjølvportrettet nedanfor til høgre å finne. Flåklypa er slik 3-4 km innover i dalen.
Ola overtok garden som ein tradisjonell mjølkeproduksjonsgard i 1986. Da starta omlegginga til økologisk landbruk, og eskperimentering med ulik nye vekster: Salatar og gulrot, dill og persille, selleri og purre osv. I 2012 slutta vi med mjølk, i dag har vi kyrne våre som ammekyr. Eit stort veksthus har kome opp. Og eit «kulturhus» for ustillingar, konsertar, foredrag – ein liten fleirbrukshall!

I dag lev folket på Aukrust i fyrste rekkje av produksjonen av krydder og te. Velkomne til gards!

Konserter

GJENDINE & JØRGINE | Konsertforteljing ved Camilla Granlien

Aukrust Gard & Urteri | Lom
27. September

Les mer
Billett