ARENAER
Frå Mjøsa i sør til Dovrefjell og Jotunheimen i nord - frå tømmervegger og akantus til glas og betong: På Gudbrandsdalen Musikkfest er arenaene ein del av opplevinga
Arnemoen Gard
Arnemoen Gard ligg på Kjønås i Ringebu i Gudbrandsdalen. Arnemoen har vore i familien sidan 12. juli 1916 og fram til årsskiftet 2006/2007 var det mjølkeproduksjon og seterdrift på garden. Næringsgrunnlaget består i dag av grasproduksjon og salg av rundballer. Vinteren 2018 vart låvedelen i eksisterende driftsbygning omsøkt til selskapslokale med tanke på framtidig konsertvirksomhet. Det er lagt ned eit betydeleg arbeid for å få dette til, og det er gjort store investeringar for å tilfredsstille dei nødvendige krava til brannsikkerhet, universell utforming, parkering og toalettfasiliteter, samt gjort innkjøp av lyd- og lysutstyr, backline og PA-anlegg som tilfredsstiller kvalitetskrava til profesjonelle musikere og lydteknikere. På Arnemoen gard i Ringebu skal det vera Gudbrandsfest i 2025, og vi gler oss til ungdommmen i G-kraft og sjølvaste DÅM skal innta låven!
Aukrust Gard & Urteri | Lom
Oldfunn viser at gardshistoria på Aukrust går attende til vikingtid og mellomalder. Her var det sikkert drift når Heilag-Olav for gjennom bygda i 1021, altså for 1000 år sidan! På solsida under Lomseggen var det gode vekstvilkår for bygg, som berga folk gjennom vinteren. Ola Aukrust - dagens bonde på garden - sin olderfar heitte også Ola, og var med å starte Grundtvig-inspirert grunnskule på garden Ofigsbø på andre sida av elva. Odelsguten i neste generasjon heitte Olav (1883-1929), han synte tidleg littærere evner og i mindre grad praktiske! Altså tok broren Pål over garden, også født i 1883, men tvillingar var dei ikkje! Han var ein markant person i bygda, kjøpte Ulvåt Seter øvst i Bøverdalen, var ordførar i Lom under krigen – og attvald til ordførar etter krigen! I kvardagen er Pål kanskje den som er mest til stades: Han dreiv nybrottsarbeid med dynamitt, spett, hest og slede - til han var 80 år! Steinen la han og hesten opp i ei forseggjort røys, og på toppen reiste han ein kleberstein som står som eit minnesmerke over slit og arbeidsglede! Ein tredje bror heitte Lars, gjekk landbruksskulen på Ås og vart rektor på Storsteigen landbruksskule i Alvdal. Som de sikkert forstår, dette er faren til Kjell! Kjell var mykje i Lom som barn og ungdom, faren fekk hyttetomt og bygde "Larstrædet" på garden. I hytteboka er sjølvportrettet nedanfor til høgre å finne. Flåklypa er slik 3-4 km innover i dalen. Ola overtok garden som ein tradisjonell mjølkeproduksjonsgard i 1986. Da starta omlegginga til økologisk landbruk, og eskperimentering med ulik nye vekster: Salatar og gulrot, dill og persille, selleri og purre osv. I 2012 slutta vi med mjølk, i dag har vi kyrne våre som ammekyr. Eit stort veksthus har kome opp. Og eit "kulturhus" for ustillingar, konsertar, foredrag - ein liten fleirbrukshall! I dag lev folket på Aukrust i fyrste rekkje av produksjonen av krydder og te. Velkomne til gards!
Avdemsbue
Avdemsbue er ein landhandel med røter attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og den 6. Juli 2019 opna Anna Avdem eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkome til lunsjkonsert på Avdemsbue med nokre av musikarane du vil møte igjen på meisterkonserten i Lesja kyrkje same kveld! Anna serverar deg smakebitar frå kjøkenet sitt.
Galleri Ullinsvin | Vågå
Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar. Galleri Ullinsvin byr deg det beste frå kunst og kultur, historie og samtid, bygdeliv og høgkultur – smelta saman på ein heilt unik arena. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i både stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar. Les meir: www.ullinsvin.www.ullinsvin.no
Hjerleid Handverkskole
Hjerleid skule og handverksenter driftar og utviklar vidaregåande opplæring i tradisjonshandverk. Hjerleid Handverksskole vart etablert attende i 1886 på ei tid da det vart det oppretta handverk- og husflidsskular for ungdom over heile landet for å ta vare på folkekunsten når industrialiseringa overtok mange arbeidsoppgåver frå handverkarane. Hjerleid var eit viktig utdanningstilbod i ei fattig fjellbygd, og etter kvart søkte ungdom seg dit frå heile Gudbrandsdalen. I dag har skolen godkjenning for inntil 90 elevar i tradisjonshandverksfag. For å sikre rekrutteringen til desse verneverdige faga kan skulen ta inn elevar frå heile landet og inntil 30 vaksne elevar. Hjerleid skule og handverksenter er i dag eit kompetansesenter for tradisjonshandverk og bygningsvern, og har eit ynskje om fleire etablerte verkstadar i lokala og visjonar om samlokalisering av skapande virksomheiter på Hjerleid. Adresse: Jøndalsvegen 3B 2662 Dovre
Lesja Kyrkje
Lesja kyrkje er hovudkyrkja i Leskja prestegjeld og ligg på ei lita høgde sentralt i bygda med Lesja bygdemuseum som næraste nabo. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel og er viden kjend for sine mange og vakre treutskjæringar. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot vatnet som sidan vart drenert vekk for å frigjere jordbruksland. Kyrkja er soknkekyrkja for Lesja sogn og var tidlegare hovudkyrkje i Lesja prestegjeld. Velkome til kyrkjekonsert i fremste praktbygget i Lesja!
Lonbakken Mek | Otta
Sveiseflammer og strykeinstrumenter, stålrør og stiletthæler, ferister og sopraner: Velkommen til en klassisk kveld i skapende omgivelser! Lonbakken Mekaniske Verksted – for anledningen omdøpt til Otta Konserthus – har spisskompetanse på skreddersydde arkitektoniske stålprodukter. Sist ut en gedigen spesialdesignet trapp innvendig i Lambda, det nye Munch-museet i Oslo.
Otta Skifer
Rudi Gard | Sør-Fron
På stemningsfullle Rudi Gard dyrkes gode kulturopplevelser. Med utsyn over eventyrlege Gudbrandsdalen kan du etter velkomsten i et intimt og innbygdende gårdstun varme opp til konserten med et betre måltid servert ved langbordet i «fjøset». Selve konsertlokalet ligger i den nybygde låven, med sitteplasser i to etasjer og takhøyde for de fleste kulturuttrykk. Velkommen til gards! Adresse: Rudivegen 40 2647 Sør-Fron
Tinde Fabrikk | Vinstra
Dalens svar på Telenor Arena! Velkomen til 20 000 kvadratmeter med hyttefabrikk som i fjor var arena for Gudbrandsdal Musikkfest sin opningskonsert med Kringkastingsorkesteret. No ryddar dei nok ein gong fabrikken og riggar til storkonsert. Gudbrandsdalen er kjent for sine solide og gode håndverkstradisjoner. Med over 40 års erfaring har Tinde hytter utvikla seg til å bli ein av landets fremste hytteleverandørar og byggjer vidare på dalen sine gode verdiar i alle sine leveransar. Når ei stjernerekke med artistar i haust igjen inntek Tinde sine produksjonslokal, ryddar fabrikksjef, konserndirektør og andre medarbeidarar lokala og er med og riggar gigascena for å ta i mot landets fremste musikarar, unge talent, lokalt publikum og hyttegjestar til fabrikken sin. For eit konserthus - og for ei bedrift! Adresse: Lomovegen 21 2640 Vinstra