1. oktober

Kjenslevev | Knut Buen og Sigmund Groven med toppa musikalsk lag

«Det er ein dåm, og ei stemning over «Kjenslevev» – for en vakker tittel – som tar bolig i meg og som garantert kommer til å bli værende der – lenge»                      – Anmeldar Tor Hammerø

Den som har opplevd Knut Buen på eit eller annet vis, gløymer det ikkje. Mannen og kunstnaren strålar av livsvisdom og autoritet. Du trur på Knut Buen – slik er det berre. I oppsettinga Kjenslevev har felemeisteren og bogeføraren i meisterklassa skrive dikt som fortel om et levd liv som har ført til kloke tankar om det å vere menneskje og kulturberar.
Når Buen og Sigmund Groven, munnspelar i same klasse, har kvar for seg og i lag skrive musikken i Kjenslevev. Dei to telemarkingane syner oss til fulle kva enorme kapasiteter dei er og på det området. I tillegg bidreg Anne Gravir Klykken og Aasmund Nordstoga – og dei frå Telemark – med tolking av dikta på kvar sin unike måte. Den musikalske altmoglegmannen Kjetil Bjerkestrand ber heller ikkje om synthenes forlating, med eit resultat som set avtrykk i alle sansar i kjensleveven.