27. september

iSTEM | Tingingsverk for hardinginstrument

Musikalsk gudbrandsdalspremiere – og tett på verdspremiere!

Opplev eit ferskt nytt tingingsverk – verda har aldri sett eller høyrd ein strykekvintett der alle instrument har understrengar som på hardingfela. Før no!

Hovudkomponist for tingingsverket iStem er Vegar Vårdal, medan Ottar Kåsa er solist. iStem blir framført av ein flott bukett utøvarar i skjeringspunktet mellom kammermusikken og folkemusikken. I tingingsverket iStem ynskjer musikarane å vise likskap og kontraster i desse to sjangrane ved å skape eit breitt uttrykk som kan opplevast som heimehøyrande i både det klassiske og det folkemusikalske uttrykket.Urframsyninga av tingingsverket er på Telemarkfestivalen sommaren 2025, noko som og var verdspremiere for ein strykekvintett der samtlege instrument har understrengar som syng i lag – noko som gir ein heilt ny klangbotn og rom for eksperimentering. I tingingsverket vil det vere nykomponert og nyarrangert musikk med hovudvekt på slåttemusikk.

I tillegg til å vere solist har Ottar Kåsa – ein av landets fremste instrumentmakarar – laga hardingfelene, hardingbratsjen og hardingcelloen som vert nytta i framføringa. Unge utøvarar frå Gudbrandsdal hardingfelelag deltek på konserten.

Medverkande:

Ottar Kåsa – hardingfele

Vegar Vårdal – hardingfele

Nora Taksdal – hardingbratsj

Sivert Holmen – hardingfele, hardanger d’amore

Johannes Martens – hardingcello

Unge utøvarar i Gudbrandsdal hardingfelelag.