28. september

GRATIS MINIKONSERT | Ringebu

Hev Ringebu feirer Gudbrandsdal Musikkfest med servering av både mat og musikk!

Oppvarming til låveballet Gudbrandsfest på Rudi Gard seinare på kvelden ved to av ungdomane som skal opptre frå talentprogrammet G-Kraft:

Rosita Maluya Andersen og Ymbjør Granlien Røine serverer vakkert tonefølgje til måltidet – med reportoar henta frå både folkemusikken og andre musikkartar.

Konserten er på kring 15 minutt, så ver ute i god tid. Gratis.

PS! Vi tilrår på det varmaste å fortsette musikkfesten med låveballet Gudbrandsfest på Rudi Gard seinare på laurdagskvelden – med folkrocksensasjonane Gangar og Madam Jam øvst på plakaten og oppunder låvetaket: