Livesensasjonane Gangar og Madam Jam samlar heile Gudbrandsdalen til tidenes låveball og grillfest på Rudi Gard!
Folk og furore, flamingo og fest med folkrock og folkeleg jam!
Topp hausten med tidenes låveball og konsertoppleving. Legg laurdagskvelden til legendarisk låting for leikne folk frå heile dalen og alle aldre på vidgjetne Rudi Gard. Årets høgdepunkt:
- Gangar – råaste folkrockbandet i Noreg
- Madam Jam – sjarmbombe som har skapt sirkus og furore i heile Folkemusikk-Noreg
- Låven på Rudi – beste fest- og konsertlokalet i Gudbrandsdalen
- Wenche Kvebu – dyktigaste kjøkensjefen i dalen
- Bussar frå og til heile Gudbrandsdalen
19:00 Velkomen til gards, bort til grillen og inn i låven
Full fyr på gardsgrillen med klassikaren «Elg i pita» som folkeleg favoritt. Open låvebar med alle rettigheiter.
20:00 Oppspel ved unge, lokale musikarar frå talentprogrammet G-KRAFT
Gløym alt du trudde du visste om sure feler og skrekkspel – desse unge musikarane svinger det av!
20:30 Madam Jam – flamingo og folkefurore
Banebrytande liveband toppa med sju leiande folkemusikarar på banjo, elgitar, bratsj, gitar, torader, kontrabass. Og fullvaksne flamingoar. Gløym alt du trudde du visste om folkemusikk – Madam Jam kan minne om dampande bluegrass og spenstig irsk folkemusikk.
22:00 Gangar – folkrock som løfter låvetaket
Folkrocksensasjonane Gangar har på null tid etablert seg som ein av Norge sine mest etterspurte musikkeksportar i Europa; med eit ekstremt rocka og originalt sound av tradisjonell norsk folke- og rootsmusikk. Toppa med ein liveopptreden som du aldri vil gløyme.
Det unge bandet grev djupt i folkemusikken for å komme opp med spektakulære låter – og gje dei nye, moderne arrangement påvirka av rock, folk-metal og jazzimprovisasjon. Inspirert av artister som Hoven Droven, Meshuggah og AC/DC, er Gangars lyd ulikt alt anna du har høyrt – og sett – på ei scene.
Gangar i lyd og bilete finn du på Gangar
Overnatting:
I samband med låveballet Gudbrandsfest byr kulturstorbonde Øystein inn til camping både i telt og låve på Rudi. Du tek sjølv med liggeunderlag, sovepose og evt telt om du ikkje foretrekk låvetak over hovudet.
Pris: 100,-/per pers i telt 200,-/per pers på låven
Ser deg i musikkfestlåven på Rudi Gard midt i Gudbrandsdalen!
Madam Jam spelte fletta av publikum og dommarar under Landsfestivalen 2023.
«What Gangar already is achieving in terms of creating a party, bodes well for the future of Folk Rock”
– Aslaug Olette Klausen
“Gangar consists of young people who take care of their tradition in a heartfelt way, but who at the same time take it upon themselves to pass on everything they like and admire in a unique and future-oriented way. Like I said: Awesome!”
– Tor Hammerø
BILLETTAR:
Ordinær: 450,-
UngINN 15 – 21 år: 150,- *
Student: 300,-