28. september
MUSIKKMATFEST | LUNSJ AVDEM OG KYRKJEKONSERT STEMMER
Fest for alla sansar i Avdemsbue og Lesja kyrkje!
Musikkmatfesten inkluderar tapas med stuttreiste smakar frå jord, skog og fjell servert på Avdemsbue, mottaking på Lesja bygdemuseum med Knut Aastad Bråten, og kyrkjekonsert med eit stjernelag av solistar med djupe røt i Gudbrandsdalen i lag med lokale sølvstruper i Lesja kyrkje.
Velkomen til haustens kulturelle høgdepunkt på Lesja. Varm gjerne opp med nydeleg musikkfestlunsj på Avdemsbue – eller kom direkte til konserten.
Vert for lunsjen og kyrkjekonserten er Knut Aastad Bråten frå Lesja bygdemuseum.
12:00: Musikkfestlunsj på Avdemsbue
Lokalmatfatet Avdemsbue byr inn til musikkfestlunsj i vidgjetne «Osten» med stuttreiste og prisvinnande godbitar på tallerkenen i tapasrett komponert med lokale råvarer rett frå jord, skog og fjell. Kaffe og kakebit attpå.
Under måltidet byr Knut Aastad Bråten på eit par musikalske smakebitar på langeleiken. Lunsjen på Avdemsbue er valfri forsmak for den som ynkjer eit minnerikt måltid på dagtid før konserten på kvelden.
18:00 Konsert i Lesja kyrkje
Parkering og mottaking på Lesja Bygdemuseum ved Knut Aastad Bråten. Herifrå felles vandring gjennom Kyrkjeholen til kyrkjekonsert med start kl 19:00.
Velkomen til stemningsfull kyrkjekonsert med framifrå solistar og unge, lokale sølvstruper. Opplev ei sjeldan stjernerekke solistar innan klassisk og folkemusikk under leiing av mezzosopran Ingeborg Gillebo.
Verdsartist Ingeborg Gillebo frå Øyer har invitert med seg eit finstemt selskap med framifrå gullstruper med stemmeprakt til å lyfte dal og flytte fjell – mellom dei fersk Folkelarmvinnar Synnøve Brøndbo Plassen, operatenor Mikkel Skorpen, og Vågå sitt vokale stortalent Martin Steinum Brun i samklang med lokale sølvstruper i Lesja barnekor.
Gler oss til ei storarta kulturoppleving – vil du vere med, så heng på!
Gler oss til ei storarta kulturoppleving – vil du vere med, så heng på!