7. oktober
Lunsjkonsert | Ingfrid Nyhus og Gjermund Larsen | Avdemsbue
Velkomen til musikalsk påfyll høgt over kvardagen!
Gudbrandsdal Musikkfest inviterer topp musikarar og publikum til unike konsertarenaer i heile dalføret og fjellheimen kring gjennom fire fantastiske festivaldagar midt i oktober.
Lunsjkonserten på Avdemsbue byr på to av landets aller beste på sine instrument: Felespelaren Gjermund Larsen og pianist Ingfrid Nyhus varmar opp med nokre musikalske smakebitar på det du får høyre seinare på kvelden i Lesja kyrkje.
Vidgjetne Avdemsbue byr på smakebitar frå lokale matprodusentar medan du kan nyte utsikta over kulturlandskapet frå eit osteforma konsertlokale.
Få plassar – velkomen!
Pris konsert: 250,- inkludert gode smakar frå dalen