Presthaugen – Lom bygdemuseum

Lom bygdamuseum ligg i Presthaugen i Lom sentrum, og består av 26 antikvariske bygningar frå ca. 1650-1940, ​​og truleg Noreg sitt største stabbur. Presthaugen ligg rett ved Norsk fjellsenter og i gangavstand frå Lom stavkyrkje. Her kan du  vandre i det fredfulle skogsområdet blant tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet, og få eit levande bilete av byggjekunst og byggjeskikk på ein storgard, livsvilkåra på ein husmannsplass og tilvære på setra på denne tida.   ​​

Husa ligg samla som ein storgard med inntun til menneska og uttun til dyra, setertun, husmannsplass og skulestue. Legg du til noko fantasi, er det nett så du kan kjenne smaken av nykinna smør og sjå dei tolv ungane som ein gong fekk plass i den vesle husmannstua. Husa er omgitt av spreidd skog, og ligg som eit mini-Maihaugen like bak Norsk fjellsenter.

På Lom bygdamuseum sitt det gamle gardslivet att i veggar og golv.

Adresse:
Fv. 124
2686 Fossbergom

Konserter