Fjelleventyret – Spiseriet i Skjåk

Vertinne Hanne, som driv reiselivsbedrifta Fjelleventyret saman med Magne Håvard, har med gardsrestauranten Spiseret realisert draumen om å gjera ikkje berre naturopplevingane, men også maten til ei eventyrleg oppleving i Skjåk.

Hanne har hatt ei lang og innhaldsrik reise som kokk. Fleire år med Arne Brimi som sjef, ei tid på ambassaden i Singapore, og ei lang periode på stjernerestaurant i Toscana, Italia. Etter eit år på Baltszar under Dag Tjersland, har fjellbygda ved Jotunheimen og Breheimen vore Hanne sin heim dei siste 20 åra. Kjøkkensjefen på Spiseriet er Lisbeth Risheim. Eit ungt talent med erfaring fra blant anna Britannia Hotel. Saman utfyller dei to kvarandre – alltid med fokus på å gje deg gode og nære matopplevingar.

Adresse:
Vassgangen 24
2690 Skjåk

Konserter