28. september

HEIME HJÅ OLEMIC THOMMESSEN

Olemic Thommessen byr inn til ei eksklusiv musikkoppleving i sin private konsertsal i villaen sin ved Maihaugen – med stjernefiolinist Sara Övinge øvst på plakaten og sin eigen son Mons Michael som gjesteartist. Få billettar!

Sara Övinge kom i fjor med soloalbumet «Patientia» til strålande mottaking. Fiolinspelet hennar har blitt einstemmig hylla. På denne konserten får du oppleve stemningsfulle smakebitar frå Övinge sitt musikalske univers – krydra med improviserte innfall i finstemt samspel med Kjetil Bjerkestrand.

Om komponist og tangentmaestro Kjetil Bjerkestrand – som og bidro sterkt på albumet Patientia – seier Övinge:

«Kjetil er kongen av analoge synthesizere og han fekk meg til å bli verkeleg forelska i instrumentet. Kombinasjonen med akustiske strengar skaper ei lydverd som eg kan symje i i evigheiter. Kjetil er og ein fantastisk musikar og menneskje – eit ydmykt geni!»

Gjesteartist i eigen heim er fiolinist Mons Michael Thommessen – utdanna ved Norges Musikkhøgskole, Universität Mozarteum Salzburg og Barratt Due musikkinstitutt – og søn av vertskapet i kveld.

PROGRAM:

14:00
Konsertvert Olemic Thommessen ynskjer velkomen ved inngangen til Byavdelinga på Maihaugen. Herifrå vandrar musikkfestfølget gjennom Gudbrandsdalen si rike kulturhistorie til konsertsalen i Thommessen sin private heim – «Pinsehelga».
Gratis parkering på Maihaugen for musikkfestpublikummet.

Parkering ved Olemic Thommessen sitt konsertlokale i Ringsvegutua 16 er mogleg for dei som ikkje er i stand til å vere med på vandringa gjennom Maihaugen.

15:00
Forfriskningar i entreéen til villa «Pinsehelga».

Konsert: «Patientia – Klassisk Potpurri»

Konsertlokalet

Villa Pinsehelgen