30. september
Meistermøte | Gudbrandsdalen – Østerdalen – Valdres | Oppspel ved systrene Kjøk
Meistermøte mellom tre dalfører fulle av folkemusikk!
Legg laurdagskvelden til historiske Glømdalsstugu på Presthaugen i Lom, og benk deg for eventyrleg meistermøte mellom Gudbrandsdalen, Valdres og Østerdalen.
Oppvarming ved systrene Synne og Hanne Kjøk.
Spelemenn:
Gudbrandsdalen: Tom Willy Rustad. Multiintstrumentalist og fersk kongepokalvinnar
Østerdalen: Olav Kjernmoen. Felespelar som let på mange strengar – mellom anna i folkemusikktrioen Frak, Alvdal Spellmannslag, Strømmen Spellmannslag, Berja Folkrock og Travellin Imbesiles.
Valdres: Jan Beitohaugen Granli. Seksdobbel vinnar av Landskappleiken. Hardingspelar Granli er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik.
Mellom dei grove tømmerveggene på Glømdalsstugu er vi viss på det kjem til å læte i både låt og latter når desse tre meisterspelemennene sett kvarandre i stemne!