1. oktober

Låvefest med Kvarts – GRATIS

Vertskapet på Aanekre sett låvedøra på vidt gap og inviterar til fest på låven der Kvarts med fleire spelar opp til dans.

Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg både i norsk musikkliv, både innan folkemusikk-krinsar, og i musikklivet generelt. Kvarts har til no gjeve ut ni cd-ar. Det kunstnariske arbeidet har til no resultert i to Spellmannprisar og ein Spellmannpris-nominasjon.

Salg av mat og drikke.