2. oktober

Kapellkonsert | Berit Opheim & Sigbjørn Apeland | Vågå

Ytterst sjeldan konsertperle i eitt av dalen sine mest eksklusive kulturlokale – kapellet på den historiske storgarden og kunstnargarden Sandbu i vakre Vågå.

Verdskunstnar og nyinnfløtt vagver Kjell Erik Killi Olsen opnar dørene til middelaldergarden Sandbu sitt eige kapell for intimkonsert. Her vil du få oppleve ei av landets finaste vokalistar Berit Opheim. Gjennom tre tiår har ho samarbeida med organisten Sigbjørn Apeland i ulike musikalske prosjekt. I alle desse åra har begge vore aktive utøvarar i inn- og utland innan ulike sjangrar. No er dei ute med nytt album og vi får høyre smakebitar frå deira rika og lange samarbeid i kapellet på den historiske storgarden Sandbu i Vågå.

PS! I lag med framifrå vertskap og overnattingssteder i Gudbrandsdalen tilbyr Gudbrandsdal Musikkfest pakkar med konsert, overnatting og mat. Finn ditt hausteventyr i menyen.