28. september
GUDBRANDSFEST
Livesensasjonen Gangar og heile Gudbrandsdalen samlast til tidenes låveball og grillfest på Rudi Gard.
Folk og furore, flamingo og fest med folkrock og folkeleg jam: Topp hausten med tidenes låveball og konsertoppleving- legg laurdagskvelden til legendarisk låting for leikne folk frå heile dalen og i alle aldre på vidgjetne Rudi Gard. Årets høgdepunkt!
- Gangar – råaste folkrockbandet i Noreg
- Madam Jam – har skapt sirkus og furore i heile Folkemusikk-Noreg
- G-kraft – unge musikktalent frå heile dalføret
- Låven på Rudi – beste fest- og konsertlokalet i Gudbrandsdalen
- Wenche Kvebu – dyktigaste kjøkensjefen i dalen
- Bussar frå og til heile Gudbrandsdalen
19:00 Velkomen til gards, bort til grillen og inn i låven
Full fyr på gardsgrillen med elg i pita som folkefavoritt.
Open låvebar med alle rettigheiter.
20:00 Oppspel ved unge, lokale musikarar frå talentprogrammet G-KRAFT
Gløym alt du trudde du visste om sure feler og skrekkspel – desse unge musikarane svinger det av!
20:30 Madam Jam – flamingo og folkefurore
Banebrytande liveband toppa med sju leiande folkemusikarar på banjo, elgitar, bratsj, gitar, torader, kontrabass. Og fullvaksne flamingoar. Gløym alt du trudde du visste om folkemusikk – Madam Jam kan minne om dampande bluegrass og spenstig irsk folkemusikk.
22:00 Gangar – folkrock som løfter låvetaket
Folkrocksensasjonane Gangar har på null tid etablert seg som ein av Norge sine mest etterspurte musikkeksportar i Europa; med eit ekstremt rocka og originalt sound av av tradisjonell norsk folke- og rootsmusikk. Toppa med ein liveopptreden som du aldri vil gløyme.
Det unge bandet grev djupt i folkemusikken for å komme opp med spektakulære låter – og gje dei nye, moderne arrangement påvirka av rock, folk-metal og jazzimprovisasjon. Inspirert av artister som Hoven Droven, Meshuggah og AC/DC, er Gangars lyd ulikt alt anna du har høyrt – og sett – på ei scene.
Gangar i lyd og bilete finn du på Gangar.
Overnatting:
I samband med låveballet Gudbrandsfest byr kulturstorbonde Øystein inn til camping både i telt og låve på Rudi. Du tek sjølv med liggeunderlag, sovepose og evt telt om du ikkje foretrekk låvetak over hovudet.
Pris: 100,-/per pers i telt 200,- per pers i låve.
Overnatting tingar du på post@gudbrandsfest.no
Ser deg i musikkfestlåven på Rudi Gard midt i Gudbrandsdalen!