8. oktober
Musikalsk toppmøte | Gjevre, Odde, Vårdal & Georg Reiss | Skåbu kyrkje
Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegard Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017 som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions – i kveld har dei invitert med seg dyktige Georg Reiss på klarinett for å spele fletta av jotnene i fjellheimen kring Skåbu.
Alle tre er erfarne danse- og konsertspelemenn, og har kvar for seg lang fartstid innanfor folkemusikken. Med toraderen som det melodiførande instrumentet, trekkspelet med akkordmoglegheitene og ei hardingfele som vekslar mellom det improvisatoriske og den spesifikke stemmeføringa, blir uttrykket spanande og spesielt. Med seg på konserten har trioen Georg Reiss – ein av Noreg sine leiande klarinettister innen tradisjonell jazz og ulike typar folkemusikk.
Scene for dette spanande musikalske toppmøte er smellvakre Skåbu kyrkje med sin rikt utskårne altertavle – i seg sjølv ei kulturoppleving.
PS! I lag med framifrå vertskap og overnattingssteder i Gudbrandsdalen tilbyr Gudbrandsdal Musikkfest pakkar med konsert, overnatting og mat. Finn ditt hausteventyr i menyen.