1. oktober

Folk Chamber | Vågå

Folk Chamber er Bjørn Kåre Odde sitt debutalbum. Som tittelen tilseier er dette kammermusikk iblanda ei god dose folkemusikk med eit snev av klassisk. Repertoaret består av vakre, enkle og underfundige melodiar ikledd varm stryk. Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespillarane i landet, både som konsertmusikar og dansemusikar, og er tidlegare kåra til Årets folkemusikar. Det er tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen som ligg i botn, og med erfaring som komponist og arrangør har han fått oppmerksomheit langt utover folkemusikken i både inn- og utland.

Med Bjørn Kåre Odde, Trygve Liahagen, Johanne Løkensgard Mjøs, Lise Sørensen Voldsdal, Stian Andreas Andersen Egeland og Kaja Fjellberg Pettersen.

Konserten er eit samarbeid med Vågå kommune.