1. oktober

Arve Tellefsen, Mitt spelmannsliv! med gjestane Ragnhild Hemsing og Kjetil Bjerkestrand

Heile Noreg sin Arve Tellefsen og ein av initiativtakarane til Gudbrandsdal Musikkfest. Nærare ein nasjonalskatt kjem vi ikkje! Arve har trollbunde ei heil verd i over 60 år med fantastisk fiolinspel og sin folkelege og sjarmerande veremåte. Saman med sin gode ven og samarbeidspartnar Kjetil Bjerkestrand og spelekvinne og verdsstjerne Ragnhild Hemsing, vil Arve ta oss med på ei unik musikalsk reise frå si vidstrakte karriere, krydra med historier av det muntre slaget.

Kulturhuset Banken på Lillehammer er ramma for denne kvelden.