Synnøve Brøndbo Plassen

Synnøve Brøndbo Plassen er folkemusiker og folkesanger, og har på kort tid blitt ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg.

Hausten 2021 kom ho med sitt debutalbum «Hjemve» som ho fekk ein spellemannsnominasjon for. I november 2022 fekk ho Folkelarmprisen for beste soloalbum. Hjemve har motteke ei rekkje gode meldingar frå både norsk og internasjonal presse.

I 2023 vann Brøndbo Plassen A-klassa i vokal på landskappleiken, og har dei siste åra motteke ei rekkje utmerkingar. Brøndbo har fleire gode plasseringar på tevlingar innan Norsk folkemusikk og har og blitt kåra til Årets dansespellmann på kappleik flere gonger.