Sigmund Groven
Sigmund Groven har ei internasjonal solistkarriere som spenner frå konsertar i Carnegie Hall i New York og Mozarteum i Salzburg til listeplasseringar i Sør-Korea og Hong Kong. Sir George Martin omtala han som «ein strålande musikar, ein av dei finaste munnspelutøvarane i verda». Sigmund er fødd i Heddal i Telemark i ein musikalsk familie; komponisten Eivind Groven var onkelen hans. Tidleg kom han i kontakt med munnspel-legenden Tommy Reilly, som var førebilete, mentor og samarbeidspartnar. Norsk publikum kjenner han frå plateinnspelingar, radio og TV-program og konsertar landet rundt gjennom fleire tiår. Mange av innspelingane hans («Vårsøg», «Svalbardtema» og «Reodors ballade» frå Flåklypa Grand Prix) har blitt folkeeige. NRK-TV laga eit eige program med Sigmund og Kringkastingsorkestret da begge var 75-årsjubilantar i 2021. Mange komponistar har skrive musikk for han, og han er sjølv ein særmerkt komponist. Verklista inneheld over 350 komposisjonar, som spenner frå ”Så spiller vi harmonica” (tekst: Erik Bye) til verk i større format. Fra 2018 har han undervist i munnspel på Norges Musikkhøgskole. Han har fått mange prisar både her heime og i utlandet, og i 2015 blei han utnemnt til Riddar, 1.klasse, av Den kongelige norske St.Olavs orden.
Fatal error: Uncaught ArgumentCountError: Too few arguments to function get_concerts(), 0 passed in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php on line 51 and exactly 1 expected in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php:66 Stack trace: #0 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php(51): get_concerts() #1 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-includes/template-loader.php(106): include('/var/www/gudbra...') #2 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-blog-header.php(19): require_once('/var/www/gudbra...') #3 /var/www/gudbrandsfest-dev/index.php(17): require('/var/www/gudbra...') #4 {main} thrown in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php on line 66