Olav Egge Brandal

Pianisten Olav Egge Brandal tok våren 2019 mastergrad i klassisk piano ved Norges Musikkhøgskule. I arbeidet fordjupa han seg i Brahms ́ klavérmusikk, representert ved klavérkvintett op 34 og klavérsonate op 5. Før den tid studerte han ved Griegakademiet i Bergen. Gjennom studietida har han hatt to hovedlærarar, Signe Bakke i Bergen og Einar Henning Smebye i Oslo. I tillegg har han spelt for nokre av landets fremste musikarar som Håvard Gimse, Sveinung Bjelland og Gunilla Sussmann. I Oslo har han og vidareutdanna seg innan pedagogikk.

Gjennom karriera har han gitt konsertar med profilar som Bror Magnus Tødenes, Ingeborg Gillebo, Lise Fjeldstad og Bjarte Engeset. Med sistnemnde som dirigent var han solist i Griegs klavérkonsert med Symfoniorkesteret i Volda i 2018. Med den nye tenorstjerna Tødenes, har han opptredd regelmessig dei siste åra, til fulle hus og flotte kritikkar. I tillegg til å vere pianist underviser han på musikklinja ved Vinstra vidaregåande skule og i Fron kulturskule. I tillegg til dette er han ofte engasjert som organist eller liknande oppdrag. Av prisar og utmerkelsar har han motteke Rønnings legat, Gnist-, Talent- og Draume-stipend. Av innspelingar var han i 2018 ein av utøvarane på plata “Kammerspill” av Ketil Hvoslef. Sidan hausten 2019 har han vore styremedlem i Oslo Griegselskap.