Luftforsvarets musikkorps

Luftforsvarets musikkorps har 200 år lang historie og er rekna som eitt av Europa sine leiande militærkorps. Korpset vart opprinneleg oppretta i 1818 som 5. brigades musikkorps og seinare som 5. divisjons musikkorps og Forsvarets musikkorps Trøndelag. I over hundre år var korpset Trondheim sitt einaste profesjonelle ensemble.

Etter overgangen til Luftforsvaret har korpset gått fra å vere eit korps for Midt-Norge til å ha heile landet som arbeidsområde – og har ein sterk nasjonal profil.