Jo Asgeir Lie

Jo Asgeir Lie er ein allsidig trekkspelarm komponist og kulturadministrator frå Ål i Hallingdal. Han er til dagleg rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss, samstundes ein av dei mest merkante utøvarane på trekkspel i Noreg i dag, både som utøvar og som formidlar og pedagog. Gjennom snart 20 år har han vore med å prege utviklinga av norsk folkemusikk både gjennom eiga utøving, og gjennom administrativt virke. Som solist har Jo Asgeir Lie opptredd i inn- og utland. Han har også vore solist med symfoniorkester, korps og kor ved fleire høve. Folkemusikkgrupa Kvarts er den største delen av det utøvande virke til Jo Asgeir Lie. Med Kvarts har han også vore med å skrive teatermusikk og bestillingsverk til fleire festivalar.