Jan Beitohaugen Granli

Jan Beitohaugen Granli er ein norsk hardingfelespelemann.

Granli er født i Øystre Slidre i Valdres, og vart utdanna ved Folkemusikkstudiet i Rauland og Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Hans fremste læremeister har vore Trygve Bolstad. Andre inspiratorar og læremeistrar er Harald Røine, Tore Bolstad, Magnus Daleng, Olav Jørgen Hegge og Knut Bolstad.

Granli er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik. Han har vore ein aktiv kappleiksspelemann og har mange gode plasseringar å vise til. Landskappleiken har han vunne seks gonger: 2002, 2004 (kongepokal), 2006, 2007, 2009 og 2017. Fanitulltevlinga under Den norske folkemusikkveka på Ål har han vunne fem gonger. I 2005 mottok han Øyvind Bergs minnepris.

Granli arbeider til dagleg som frilans-musikar og lærar i musikkskulen i Valdres.