Ingeborg Gillebo

Ingeborg Gillebo fra Øyer er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Operaakademiet i København.

Mezzosopran Ingeborg Gillebo er ikkje som andre verdsartistar – og gudbrandsdølar. Med fjøsveggen heime på Øyer som publikum og etter kvart kulturhus i heile dalføret som scener, la Ingeborg grunnlaget for ei karriere som internasjonal mezzosopran med opptreden på ei rekkje av dei fremste operahusa og konserthusa i verda.

Gjennom Gudbrandsdal Musikkfest har Ingeborg funne arenaer til å gi attende til dalføret ho brenn for og kjenner seg heime i – på eit vis som lyfter ein kvar konsert.

I 2010 debuterte Ingeborg ved Den Kongelige Opera i København som Margret i Wozzeck og ved Den Norske Opera & Ballett som Cherubino i Figaros bryllup. Sidan då har Gillebo opptrådt på flere store festivaler og ved operahus som Metropolitan Opera, Opernhaus Zürich, Theater an der Wien, Opéra Royal de Versailles, Festspielhaus Baden-Baden, Bayreuth Festival og Drottningholm Festival Stockholm.

Gillebo sin varme, fyldige mezzo er etterspurt og vi er stolte over å kunne presentere ho på musikkfesten. Ingeborg er og ei viktig stemme i programrådet til Gudbrandsdal Musikkfest.