Hanne & Synne Kjøk
Folkemusikalsk radarpar med mange strengar.
Tvillingsystrene Hanne og Synne Kjøk frå Garmo er flaska opp på folkemusikk og i lag om det meste: Fele, vokal, dans og lagspel. Til meistermøtet i Lom bygdamuseum Presthaugen speler systrene Kjøk opp som doble medaljevinnarar frå Landsfestivalen i Førde.
På musikkfestkonserten «Meistermøte mellom tre dalføre» set tre framifrå spelemenn frå Gudbrandsdalen, Valdres og Østerdalen kvarandre i stemne:
Gudbrandsdalen | Tom Willy Rustad | Multiintstrumentalist og fersk kongepokalvinnar
Østerdalen | Olav Kjernmoen | Felespelar som let på mange strengar – mellom anna i folkemusikktrioen Frak, Alvdal Spellmannslag, Strømmen Spellmannslag, Berja Folkrock og Travellin Imbesiles.
Valdres | Jan Beitohaugen Granli | Seksdobbel vinnar av Landskappleiken. Hardingspelar Granli er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik.
Mellom dei grove tømmerveggene på Glømdalsstugu er vi viss på det kjem til å læte i både låt og latter når desse tre meisterspelemennene og systrene Kjøk set kvarandre i stemne!
Foto: Nils Petter Lotherington
Fatal error: Uncaught ArgumentCountError: Too few arguments to function get_concerts(), 0 passed in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php on line 51 and exactly 1 expected in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php:66 Stack trace: #0 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php(51): get_concerts() #1 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-includes/template-loader.php(106): include('/var/www/gudbra...') #2 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-blog-header.php(19): require_once('/var/www/gudbra...') #3 /var/www/gudbrandsfest-dev/index.php(17): require('/var/www/gudbra...') #4 {main} thrown in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php on line 66