Camilla Granlien

Camilla Granlien er kvedar og folkesongar, særleg kjent som formidlar av tradisjonsstoff frå Gudbrandsdalen. Utdanninga si har ho frå Kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og ein master i folkekunst frå Høgskulen i Telemark avdeling Rauland.

Ho har vunne klasse A vokal folkemusikk på Landskappleiken tre gonger, i 2006, 2007 og 2008. Ho vann kongepokal frå Landskappleiken i 2008. Granlien debuterte som soloartist med albumet Begjær i 2005. Ho har òg utmerka seg som ein brubyggjar mellom tradisjonsmusikk og andre sjangrar, som medlem av gruppa Skrekk (2001-2007) og metalbandet To Cast a Shadow. I tillegg har ho sitt eige Camilla Granlien Band. Med dette bandet gav ho i 2008 ut albumet Jarnnetter, med tekstar av Tor Jonsson og Olav Aukrust, dels med tradisjonelle melodiar, dels tonesett av Granlien.

I 2010 gav Granlien ut albumet Aftenstemning saman med saksofonisten Kristin Sevaldsen, med tekstar av Bjørnstjerne Bjørnson tonesett av Granlien og Sevaldsen. I 2013 deltok Granlien på albumet Songs by Geirr Tveit med gruppa Slagr, til tekstar av norske lyrikarar.

Fatal error: Uncaught ArgumentCountError: Too few arguments to function get_concerts(), 0 passed in /var/www/html/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php on line 51 and exactly 1 expected in /var/www/html/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php:74 Stack trace: #0 /var/www/html/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php(51): get_concerts() #1 /var/www/html/wp-includes/template-loader.php(106): include('/var/www/html/w...') #2 /var/www/html/wp-blog-header.php(19): require_once('/var/www/html/w...') #3 /var/www/html/index.php(17): require('/var/www/html/w...') #4 {main} thrown in /var/www/html/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php on line 74