Bjørn Kåre Odde

«Årets folkemusiker 2019» Bjørn Kåre Odde treng truleg ingen nærare skildring for dei fleste, men blir ofte omtala slik: «Med virke som både komponist, musikar og skodespelar, har han hatt sitt virke på alt frå ungdomshus til teatersalar dei seinaste åra. Han er ein svært akta spelemann innafor både gamaldans og slåttespel og representerer dalføret sitt med bravur på både landskappleikar og landsfestivalar. Han har dei siste åra stått heilt, eller delvis, bak tre bestillingsverk, komponert musikk for kor og sitt eige instrument fele, medverka på fem plateutgjevingar og vore nominert til prisar både som musikar og komponist. Han er óg mykje nytta som lærar på ymse kurs og samlingar rundt i landet.»

For Gudbrandsdal Musikkfest har Odde komponert og arrangert musikk for KORK til konserten «Frå Tinde til tinde» der han sjølv skal vera solist. Han har vore instruktør for prosjektet Gudbrandsdalen i Symfoni for ei gruppe unge felespelarar som også blir å sjå på same konsert. I tillegg blir hans eige prosjekt Folk Chamber å sjå minst ein stad under årets musikkfest.

Bjørn Kåre Odde, som har rukke å bli 32 år, er på toppen av alt musikalsk leiar av Lom spelmannslag og leiar av Gudbrandsdalen folkemusikklag.