Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Han blir også mykje brukt som programleiar/konferansier. Han har blitt nominert til Spelemannspris to gonger, den fyrste for debutplata Ein visefugg, og den andre for albumet 12 dagar i jola. Aasmund hentar repertoaret sitt på heimebane. Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom. Den siste soloplata, Guten, inneheld i sin heilskap tekster av diktaren Aasmund Olavsson Vinje, der ein kan seie at Aasmund, med svært god hjelp av bror Odd, har blåsi nytt liv i nokon av Vinjes beste dikt. Særleg har samarbeidet med Odd, med Åsmund Reistad, Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge bori frukter. I alt fire soloplater har det blitt.