Topp konserten med et minnerikt måltid
Velkomen til bords i lokalmatfatet Gudbrandsdalen!
Dei fremste vertskapa og kjøkensjefane i Gudbrandsdalen serverar stuttreiste musikkfestmiddagar i samband med konsertar hausten 2023.
I haustferien er råvarene i Gudbrandsdalen ferske og ureiste, kjøkkensjefane i storform og haustfargene spektakulære.
Vel din musikkfestmiddag for alle sansar – i Ringebu eller Øyer:
Musikkfest-middag Jevne Gård
Øyer 30. september 2023 kl 13:00 | UTSOLGT
Bak grytene på Jevne Gård er Kokken Tor i storslag. Øyer sin stjernemezzosopran Ingeborg Gillebo, tonesett dagen i samklang med unge, lokale musikktalent.
Musikkfest-middag Ringebu Prestegard
Ringebu 30. september 2023 kl 17:00 | UTSOLGT
Mezzosopran Ingeborg Gillebo stemmer i med toppa lag songarar. I forkant av konserten byr Hev Ringebu inn til festmiddag med det beste dalen byr på. Haustutstillinga opnar tidlegare på dagen.