Mezzosopran Ingeborg Gillebo frå Øyer har fått med seg songarar innan både klassisk og folkemusikk på konserten Stemmer frå dal og fjell.

Vil du toppe opplevinga, byr Hev Ringebu inn til musikkmatfest før konserten, der kjøkensjefen transjerar det beste dalen byr på av vilt, grønt og himla godt!

12:00: OPNING HAUSTUTSTILLINGA RINGEBU PRESTEGARD

17:00: MUSIKKMATFEST
Hev Ringebu byr inn til musikkmatfest med dagferske, stuttreiste godbitar frå grøderike Gudbrandsdalen. Menyen for etegildet er komponert kring langtidssteikt hjort frå eige dalføre, toppa med grønt frå Aukrust i Lom og Gillebo på Øyer. Saus og anna munngodt trylla fram av eminente Lines kjøken frå Øyer, med kjøkensjef som og transjerer kjøtet medan du sjølv fyller tallerkenen med favorittilbehør. Ei matoppleving for alle sansar!

19:00 KONSERT: STEMMER FRÅ DAL OG FJELL
Konserten mønstrar fire framifrå solistar med stemmeprakt og røt frå fjellbygdene i og kring Gudbrandsdalen:

Ingeborg Gillebo | Mezzosopran frå Øyer
Camilla Granlien | Folkesangar fra Lillehammer
Eldrid Gorset | Sopran frå Oppdal som syng på Den kongelige opera i København
Anne Gravir Klykken | Folkesangar sterkt knytt til Telemark.
Pianist Olav Egge Brandal er einaste hane i dette stemmesterke ensemblet.

PRIS:
Middag og konsert: 850,- (550,- for barn)