28. september

SKIFERSYMFONIEN | Tingingsverk og verdspremiere

Stjernesolistar og strykekvartett, spretten strengeleik og skiferslagverk i steinbra symfoni – hos 150-årsjubilant Otta Skifer!

Gløym alt du trudde du visste om klassisk musikk og steinindustri i Gudbrandsdalen. Denne kvelden blir hammerslagane frå skifermeiselen blanda med unik perkusjon, toppa med eit nyskapande bestillingsverk for verdas fyrste skifermarimba – alt saman sveisa saman til ei musikalsk forundringspakke du aldri har sett eller høyrd maken til: Skifersymfonien!

I eit heilt år har stjerneperkusjonist Terje Isungset tråla skiferbrota kring Otta på jakt etter skifer med den rette klangen – og du verda som han har lykkast! På Skifersymfonien vil Isungset urframføre eit heilt nytt bestillingsverk utvikla for eit skiferinstumentarium han sjølv har konstruert av skifer frå Otta. Korleis lyden er? «I am putting together a rock band», seier den steingale komponisten sjølv.

Skifersymfonien er Gudbrandsdal Musikkfest sin hyllest til solide og nyskapande gudbrandsdølar i toner og meiselslag, ei unik kulturoppleving i eit konsertlokale og hjå ei tradisjonsbedrift heilt utanom det vanlege: Otta Skifer.