28. september

STEMMER FRÅ DAL OG FJELL | Vågå

Opplev ei sjeldan stjernerekke solistar innan klassisk og folkemusikk under leiing av mezzosopran Ingeborg Gillebo.

Verdsartist Ingeborg Gillebo frå Øyer har invitert med seg eit finstemt selskap med framifrå gullstruper med stemmeprakt til å lyfte dal og flytte fjell – mellom dei fersk Kongepokal- og Folkelarmvinnar Synnøve Brøndbo Plassen og operatenor Mikkel Skorpen – oppvaksen på Tretten. Ei stemmeprakt toppa av Vågå sin eige vokalfunn Martin Steinum Brun – siste høyrd og sett som solist i NRK sin julekonsert med Kringkastingsorkesteret KORK frå Rudi Gard. Dei to pur unge operatalenta Ingrid Høivik Bjørkås & Ingeborg Utheim Iversen frå RingsakerOperaen er og solistar på konserten. 

Vi er stolte over å kunne gi plass på scena til dei unge songarane Ingrid Høivik Bjørkås og Ingeborg Utheim Iversen frå Ringsakeroperaen sin operaskole.  

På konserten deltek også barnekoret VOKALREKRUTT under leiing av Tone Jorunn Tveito.

Konserten finn stad i Galleri Ullinsvin omgitt av fotoutstillinga “Morten Krogvold sine utvalde” 

Sjå resten av programmet for Gudbrandsdal Musikkfest på www.gudbrandsfest.no