Kulturhuset Banken, Lillehammer

Året var 1895. Byen Lillehammer hadde tre landemerker: Kyrkja, middelskulen – og Banken. I to år hadde bygging av Lillehammer Sparebanks kombinerte bank- og festlokale pågått. «Opplandenes seværdigste bygværk», var samtidens dom. Ove Ekman, ein av datidas toneangjevande arkitektar hadde henta inspirasjon, ja til og med stole idéar, frå mange stilepokar. Historisk sett er det ingen ringare enn Michelangelo som har stått fadder til bygget, skreiv museumslektor Ole Rønning Johannesen i 1970 i ein artikkel der han beskrev eksteriøret. Innvendig fekk dekorasjonsmålar Wilhelm von Krogh prege bygget, blant annet med utsøkte takmaleriar i Festsalen.
Huset vart byens kulturelle sentrum, ikkje minst byens festsal. Her vart arrangert ball og deklamert poesi, spelt revy og arrangert innandørs idrettskonkurransar. I 1964 overtok kommunen lokalane, og benytta delar av dei til administrasjonskontor. Etterkvart gjorde nye brannforskrifter at den flotte festsalen ikkje lenger kunne benyttast. Etter at Lillehammer vart tildelt OL vart ideane om eit nyrestaurert kulturbygg lansert og i 1990 starta ei omfattande restaurering. Banken har befestet seg som byens «gode, gamle kulturbygg».

Adresse:
Kirkegata 41
2609 Lillehammer

Konserter