Sju konsertar 

Tre dagar 

Eitt dalføre

26. – 28. september 2025

Sissel Kyrkjebø toppar Tindekonserten

Få med deg haustens musikalske høgdepunkt i Nordens største hyttefabrikk midt i Gudbrandsdalen.

Musikkfesten pangopnar med sjølvaste Sissel Kyrkjebø i front for eit stjernelag henta frå klassisk musikk og  folkemusikk.

Berit Cardas dirigerer lokale sølvstruper

I samarbeid med kulturskuler i heile Gudbrandsdalen svinger stjernedirigent Berit Cardas taktstaven for eit kjempekor av unge sølvstruper på årets Tindekonsert – med sjølvaste Sisse Kyrkjebø øvst på plakaten. 

Gudbrandsdalen i gullskrift

 Sju konsertar | Heile Gudbrandsdalen | Tre dagar

Gudbrandsdal Musikkfest speler opp til festhelg med framifrå artistar og vertskap, forunderlege konsertarenaer og herlege måltid i bygd, by og fjellheim!

Gudbrandsdal Musikkfest byr på magiske augneblikk der publikum og artistar får møte det beste av vår eigen musikktradisjon i samspel med perler frå det klassiske repertoaret.

Vil du vere med så heng på – til eventyr for alle sansar!

PROGRAM

ARTISTAR

ARENAER

«I dag vågar vi påstanden at hundrevis av døler har det litt annleis inni seg enn dei hadde før helga.

Det er lett å tenkje at nokon kanskje har det litt betre, til og med. At dei er litt nærare seg sjølve, på eit vis. Kjenner seg heime. Og kjenner på rikdom utan tanke på kva dei eig og ikkje eig» 

                                                       – Leiar i avisa GD september 2023

Arenaer med særpreg

Gudbrandsdalen er tjærebrune tømmerveggar i eventyrlege kulturlandskap – og veldig mykje meir. Gudbrandsdal Musikkfest ynskjer å dyrke eit mangfald av uttrykksformer også når det gjeld valg av konsertlokalar. Festivalen inviterer derfor til «konserthus» over hele spekteret – frå moderne arkitektoniske ikonbygg via industrihallar, kunstnarheim og museumsfoajear – til tømmerveggar og akantus.

Artistar med lidenskap

Musikkfestprogrammet presenterar utøvarar i det ypperte sjiktet innan klassisk musikk og nordisk folkemusikk, og er fyste kammermusikkfestival i Norge som sidestiller desse to musikkformene. Inspirasjonen henter vi tilbake til pionerene Ole Bull og Edvard Grieg som begge bevega seg i dette spanande musikalske og geografiske landskapet med stor lidenskap.

                                          SAMARBEIDSPARTNERE

OFFENTLIGE BIDRAGSYTERE

Kommunar i Gudbrandsdalen:

Lillehammer | Øyer | Sør-Fron

Nord-Fron | Ringebu | Vågå

Sel | Lesja | Lom | Skjåk 

Innlandet fylkeskommune

Midt-Gudbrandsdal Interkommunale politiske råd