25. – 27. september 2026
Gudbrandsdalen i gullskrift
Gudbrandsdal Musikkfest speler opp til festhelg med framifrå artistar og vertskap, forunderlege konsertarenaer og herlege måltid i bygd, by og fjellheim!
Gudbrandsdal Musikkfest byr på magiske augneblikk der publikum og artistar får møte det beste av vår eigen musikktradisjon i samspel med perler frå det klassiske repertoaret.
Vil du vere med så heng på – til eventyr for alle sansar!

«I dag vågar vi påstanden at hundrevis av døler har det litt annleis inni seg enn dei hadde før helga.
Det er lett å tenkje at nokon kanskje har det litt betre, til og med. At dei er litt nærare seg sjølve, på eit vis. Kjenner seg heime. Og kjenner på rikdom utan tanke på kva dei eig og ikkje eig»
– Leiar i avisa GD september 2023
Arenaer med særpreg
Gudbrandsdalen er tjærebrune tømmerveggar i eventyrlege kulturlandskap – og veldig mykje meir. Gudbrandsdal Musikkfest ynskjer å dyrke eit mangfald av uttrykksformer også når det gjeld valg av konsertlokalar. Festivalen inviterer derfor til «konserthus» over hele spekteret – frå moderne arkitektoniske ikonbygg via industrihallar, kunstnarheim og museumsfoajear – til tømmerveggar og akantus.
Artistar med lidenskap
Musikkfestprogrammet presenterar utøvarar i det ypperte sjiktet innan klassisk musikk og nordisk folkemusikk, og er fyste kammermusikkfestival i Norge som sidestiller desse to musikkformene. Inspirasjonen henter vi tilbake til pionerene Ole Bull og Edvard Grieg som begge bevega seg i dette spanande musikalske og geografiske landskapet med stor lidenskap.









