8. oktober

Stian Carstensen // Ola Kvernberg

Ola Kvernberg og Stian Carstensen! Gammalgrass kombinerer bluegrass, gammaldans, Paganini og absurde folkemusikalske, og alle andre musikalske uttrykk i eit tempo som eigentleg ikkje skal vera mogleg. Med utsikt over Gålåvatnet og servering frå baren på Høyloftet i Peer Gynt sitt rike vil multiinstrumentalisten Carstensen og fiolinist Kvernberg underhalde både med humor og musikk!

Konserten arrangerast i samarbeid med Peer Gynt. Velkome til fjells!