28. september

ØYER KIRKE 300 ÅR | Jubileumskonsert med Ingeborg Gillebo som vertinne

Øyer kirke er 300 år – velkomen til jubileumskonsert!

Verdsartist Ingeborg Gillebo frå Øyer har invitert med seg eit finstemt selskap med framifrå gullstruper og strykere med toneprakt til å lyfte dal og flytte fjell. Solistane har røt innan både klassisk musikk og folkemusikken: Operatenor Mikkel Fjeld Skorpen, folkesongar Mari Midtli frå Sel, felespelar Bjørn Kåre Odde frå Vågå og unge talentar frå Øyer akkompagnert av strykekvartett frå Orkester Innlandet.

Vi er stolte og glade over å at med oss dei unge lokale songarane Silja Hagen og Sondre Strand, kantor Simen Iverstuen på orgel – og ein fargerik og feststemt spelemann som snart blir offentleggjort.

Jubileumskonserten blir arrangert i samarbeid med Øyer kirke.