G-KRAFT er Gudbrandsdal Musikkfest sitt talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk. Programmet rettar seg mot unge talent frå begge sjangrar busett i Gudbrandsdalen, Lillehammer og kring Mjøsa.

G-KRAFT har som mål å gi barn og unge ein profesjonell arena for å:

  • Lære og bli inspirert av artister på topp nasjonalt og internasjonalt nivå på instrument eller vokal
  • Utvikle seg musikalsk og personleg
  • Nå målet om å opptre på den største konserten i Gudbrandsdalen: Tindekonserten under Gudbrandsdal Musikkfest
  • Skape eit miljø for musikalske talent på tvers av kommunegrenser
  • Bygge artistar og publikum innan både kunstmusikk og folkemusikk

Varm takk til alle unge, lokale musikarar for dykkar bidrag på konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – og til framifrå kulturskular og vidaregåande skular i dalen for entusiasme og samarbeid!

 

PROGRAM G-KRAFT 2024

To kveldsøvingar og ei helgesamling med overnatting i Midt-Gudbrandsdalen. Instruktørar på samlingane er:

Ørnulf Juvkvam Dyve – mannen bak Staut sine tekster og melodiar.

Atle Sponberg klassisk fiolinst og konsertmeister i Orkester Innlandet.

Dmytro Kozar klassisk fiolinist frå Ukraina og Gudbrandsdalen.

Odd Arne Erlandsentangentar og blås.

KVELDSSAMLINGAR

Måndag 27. mai og tysdag 28. mai på Inntunet Vinstra VGS.

HELGESAMLING

Laurdag 21. og sundag 22. september i Create sine lokal på Lillehammer. Innhaldsrik talenthelg med øving, måltid og overnatting i inspirerande omgivnader. 

KONSERTAR

Talentprogrammet munnar ut i opptreden i lag med topp artistar på Tindekonserten Jubileum fredag 27. september, og under stormønstringa Gudbrandsfest på Rudi Gard laurdag 28. september i lag med folkrocksensasjonane Gangar og Madam Jam.

SPØRSMÅL

Ta kontakt med prosjektleiar og produsent Vivian Haverstadløkken

995 01 910 eller post@gudbrandsfest.no

UNGT TALENT: 60 unge musikarar på same scene som KORK og dirigent Peter Szilvay under åpningskonserten til Gudbrandsdal Musikkfest i Tinde fabrikk 2022. Foto: Thor Hauknes

Samarbeidspartnere:

Offentlege bidragsytere:

Lillehammer kommune
Lom kommune
Dovre kommune                                                                     
Nord-Fron kommune
Sør-Fron kommune
Ringebu kommune
Vågå kommune

Innlandet fylkeskommune

Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen

Regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen